Hopp til innhold

Ungdomspartia veks etter 22. juli

Ungdomspartia i Sogn og Fjordane har opplevd auka pågang frå unge som vil engasjere seg politisk i kjølvatnet av 22. juli.

Årsmøte KrfU Sogn og Fjordane

OPPLEVER AUKA PÅGANG: F.v. Mari Bae Hordvik, Olve Fitje, Tore Storehaug og Olianne R. Holme under årsmøte i KrFU Sogn og Fjordane.

Foto: Ingunn Rauk/NRK

– Politikk framstår som meir relevant for unge etter terrorhandlingane, trur Erlend Herstad, fylkesleiar for Senterpartiet sitt ungdomsparti Senterungdommen.

Ungdomspolitikken er i sterk vekst etter hendingane i Oslo og på Utøya, og AUF har dobla talet på medlemer sidan i fjor. Men dei andre ungdomspartia opplever også større pågang frå folk som ønskjer å engasjere seg meir aktivt.

Dominoeffekt

Senterungdommen hadde 87 medlemer i 2010 og tel no 127 medlemer i Sogn og Fjordane. Unge Venstre har tilsvarande hatt ein medlemsvekst på 50 prosent. Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) har fått åtte nye betalande medlemer sidan juli.

Nyleg avgått fylkesleiar i KrFU, Tore Storehaug, trur på ein dominoeffekt i det ungdomspolitiske miljøet, med utgangspunkt i oppslutnaden om AUF.

– Viss ein venn av deg plutseleg er blitt med i AUF, blir det lettare å finne ut kvar du sjølv står politisk. Du blir nesten tvungen til det, seier Storehaug.

Aktiv verdikamp

Storehaug trur terrorhandlingane i Oslo og på Utøya har aktualisert politikk for ungdom på ein måte som gjer at dei ser at dei sjølve må ta grep.

– Når verdiane du trur på står på spel må du kjempe for dei. Støttemedlemer kjem fram og blir aktive, og vi har fått nye lokallag i Balestrand og i Florø i haust. Politikk er ikkje lenger berre for spesielt interesserte, seier Storehaug.

Politikk får ny aktualitet

Han er nøgd med god medlemsauke, sjølv om dei gjerne skulle ha opplevd veksten Unge Venstre har fått. Fylkesleiar Synne Standal Solheim fortel om svært gode skuleval for partiet og nytt lokallag i Fjaler i Sunnfjord.

Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid er leiar av Unge Venstre nasjonalt.

Han trur dei representerer eit radikalt alternativ for folk som ikkje kjenner seg heime på venstresida i politikken, som har hatt den største tilstrøyminga etter at tragedien råka AUF førre sommar.

– Innvandring, religionsfridom og personvern er saker som vi er opptekne av og som har fått ny aktualitet etter det som skjedde, seier Rotevatn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sveinung Rotevatn

TRUR POLITISKE SAKER BLIR MEIR AKTUELLE: Sveinung Rotevatn.

Foto: Unge Venstre

Lågare terskel for å bli med

Sosialistisk ungdom (SU) har den siste tida hatt eit moderparti i motvind. Sjølv om SU har vakse nasjonalt, mista dei i Sogn og Fjordane fire av 69 medlemer i løpet av 2011.

Astrid Underlid meiner likevel den generelle utviklinga i ungdomspolitikken er svært positiv.

– Då vi var på skulebesøk for å verve medlemer i fjor vår visste knapt nokon kva ungdomspolitikk var, seier Underlid, som var fylkesleiar ut januar i år.

– Særleg på mindre plassar har kunnskapen om ungdomsparti vakse og terskelen blitt lågare for å melde seg inn, trur ho.

– Ikkje lenger nerdete

Høgre siglar i medvind på landsbasis. Fylkesleiar i Unge Høgre Sogn og Fjordane, Embla Belsvik, fortel om ei klar auke i aktivitetsnivået blant medlemene. Av dei 20 nye innmelde kom 18 til etter 22. juli.

– Fleire blir med på det som skjer, og folk har nok sett at politisk engasjement handlar vel så mykje om det sosiale, meiner Belsvik.

Ho trur hendingane førre sommar gjorde både vaksne og unge medvitne om at ungdom har reell påverkingskraft når dei vel å engasjere seg.

– Ordet «politikk» skremmer ikkje ungdom som det kanskje gjorde før, det er blitt mindre nerdete og kanskje litt kult å melde seg på debatten, seier Belsvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore Storehaug og Olianne R. Holme

MEINER ENGASJEMENT ER EIN DEMOKRATISK VERDI: Tore Storehaug og Olianne R. Holme i KrFU.

Foto: Ingunn Rauk/NRK

Mange har fått ut fingeren

Framstegspartiets Ungdom (FpU) vaks seg nesten dobbelt så store i Sogn og Fjordane i løpet av 2011. Over halvparten av dei 31 nye medlemene melde seg inn etter 22. juli.

Fylkesleiar Stig Ove Ølmheim trur ungdommen har innsett at politikken er noko som vedkjem dei direkte.

– Åtaket på AUF viste at eit velfungerande samfunn ikkje kan takast for gitt. Mange fekk ut fingeren då dei såg at terrorhandlingar kan skje også på norsk jord, seier Ølmheim.

– Fleire engasjerte gir meir demokrati

Utanom AUF har Senterungdommen tradisjonelt stått sterkast av ungdomspartia i Sogn og Fjordane. Fylkesleiar Herstad ønskjer konkurransen frå dei andre partia velkomen.

– Det er flott at vi kan bryne oss på kvarandre i eit gryande ungdomspolitisk miljø, det vinn vi alle på. Terroristen kjem tapande ut av dette, meiner Herstad.

Storehaug i KrFU er einig.

– Di fleire som vel å engasjere seg politisk, dess betre for demokratiet, seier han.