Hopp til innhold

Ung mann til sjukehus etter knivstikking

To menn sikta etter knivstikking på hotell i Bergen.

Hotel Zander K

Knivstikkinga skal ha skjedd inne på Hotellet Zander K i Bergen.

Foto: Åkeson Lindman

Ein ung mann blei i natt frakta til sjukehus etter å ha blitt knivstukken i Bergen.

Hendinga skjedde i sentrum og blei varsla til politiet klokka 01.15.

Ifølge Bergensavisen skjedde hendinga på Zander K Hotel ved Jernbanestasjonen.

Det var tilsette her som kontakta ambulansen.

Politi og ambulanse var raskt på staden. Skadeomfanget var då ukjent.

Det var også uvisst kva som hadde skjedd, melde Vest politidistrikt på Twitter.

To sikta i saka

Politiadvokat Elisabeth Siqveland Morstøl seier søndag morgon at dei har pågripe to menn etter hendinga.

Dei er sikta for medverking til grov kroppsskade.

Dei to blei først henta inn som vitne, men blei deretter arresterte.

Politiet vil avhøyre dei to sikta utover dagen.

– Vi ønskjer å avklare kva som har skjedd, seier Siqveland Morstøl.

Ho kjenner ikkje til om dei to sikta og fornærma har noko relasjon til kvarandre.

Krimteknisk har jobba på staden der knivstikkinga skjedde og har gjennomført kriminaltekniske undersøkingar.

Ukjent skadeomfang

Den unge mannen som ligg på sjukehus skal vere bevisst, men politiet har ikkje meir informasjon om helsestilstanden hans.

– Vi vil avhøyre den fornærma så fort det lèt seg gjere og han er i stand til det, seier politiadvokaten.

Politiet jobbar utover dagen med å hente inn videoovervakingar og gjere vitneavhøyr.

Operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt seier dei søndag morgon har avslutta på staden og ikkje har fleire operative gjeremål i saka.