Den verdsomspennande organisasjonen Slow Food står bak utnemninga, som skal tryggje framtida til brunosten frå Sogn.
Geitene og osten har eksistert i Undredal så lenge det har budd folk der. I dag lagar tre produsentar i den vesle bygda den brune og kvite geitosten. Brunosten, på sogning brimost, er unik i verda. Og no har organisasjonen Slow Food gitt han ein plass i bevaringsordninga Smakens ark - ein slags Noahs ark for tradisjonsrik mat.
Osteprodusent Ivar-Bjarne Underdal er stolt av utmerkinga.
- Det er ein enorm anerkjenning i det, og det seier at norske melketradisjonar vert sett og verdsett uti verda, seier han.
Typisk norsk
Foto: Pascale Baudonnel
Ove Fosså, som var med på å gje sogneosten ein plass i Smakens ark, seier osten er eit godt og typisk norsk produkt som egner seg godt til å vise eksempel på norske tradisjonsprodukt i utlandet.
Slow Food er eit opprør mot den masseproduserte, historielause maten. Og med utmerkinga til Undredalsosten følgjer ei viktig oppgåve: å danne ei støttegruppe som jobbar med å halde brimosttradisjonen i Sogn levande for framtida.