Hopp til innhold

Kjempar ein usynleg kamp mot silobrann i Vaksdal: – Redd det kan eksplodere

VAKSDAL (NRK): Brannmannskap kjempar ein lang og usynleg kamp mot ein silobrann i Vaksdal. – Vi har folk på vakt døgnet rundt for å passe på at det ikkje eksploderer.

Vaksdal Mølle brann

ULMEBRANN: Ein av siloane til Felleskjøpet ved Vaksdal Mølle brenn.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Torsdag 10. september braut ut brann i ein av siloane til Felleskjøpet ved Vaksdal Mølle, aust for Bergen.

– Vi er redd for at dette kan eksplodere, seier varabrannsjef Frode Bødtker i Bergen brannvesen.

Vaksdalsposten, som har følgt brannen tett den siste veka, skriv at 27 meter høge siloen inneheld hunde- og kattefôr. Fôret ligg ni meter i høgda på den 3x3 meter store siloen.

Etter å ha først fått kontroll og kjølt ned brannen, tok den seg opp igjen fredag 11. september. No er brannvesenet usikre på kor lenge dei må halde på før dei får slått ned ulmebrannen.

– Vi kan måtte halde på i to dagar til, eller i to veker til. Det er uvisst, seier brannsjef Leif Linde i Bergen brannvesen til NRK.

Nitrogentankar til sløkking av ulmebrann

NITROGEN: Store tankar med nitrogen, både flytande og gass, er plassert ved siloen. Dei kjøler ned varmgangen i ulmebrannen.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Spesiell brann

Den store siloen er heilt lukka, så brannmannskapa kan ikkje sjå sjølve ulmebrannen. Dei må stå utanfor og følge med på om temperaturen tar seg opp eller ned.

Linde skildrar brannen som dramatisk og seier at brannar i siloar sjeldan kost. Ved to andre tilfelle i Noreg i år har det enda med eksplosjon, ifølge brannsjefen.

Nettopp derfor kan dei ikkje opne siloen for å sløkke, for då blir det tilført meir oksygen.

– Vi har mannskap på plass døgnet rundt, så vi har kontroll på akkurat det. Men dette er ein brann som er vanskeleg å sløkke og krev stor innsats, seier Linde.

Det er mannskap både frå Vaksdal, Dale og Arna som har bidrege i sløkkearbeidet.

Mølla ligg heilt nede ved fjorden i Vaksdals-bygda, og er ein del av ein lang og rik industrihistorie. På tidleg 1900-tal var Vaksdal Mølle det største møllebruket i Skandinavia.

Siloen det brenn i er derimot frå 1970-talet.

Vaksdal Mølle, sommaren 2020

MØLLE: Vaksdal Mølle, fotografert sommaren 2020.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kjøler ned med nitrogen

Ulmebrannen er vanskeleg å sløkke fordi siloen gir brannen ein lukka atmosfære der varme og gassar får utvikle seg.

Brannvesenet har no fått bora fleire hol i botnen av siloen, der dei ved jamne mellomrom pumpar inn nitrogen i både gassform og flytande form.

– Nitrogenet trekkjer seg inn i den glødande massen og kjøler brannen ned. Men ved to anledningar har vi venta på litt for å sjå utviklinga og då tek varmen seg opp igjen med ein gong.

Fabrikksjefen ved Felleskjøpet skryt av innsatsen til brannmannskapa, samt sine eigne tilsette.

– Både dei lokale brannmannskapa og våre eigne folk jobbar med å få ned temperaturen og finna ei løysing på dette, seier Geir Hanevik til Vaksdalsposten.