Hopp til innhold

Prøvde å snike seg gjennom tryggleikskontrollen på Flesland

Det skapte lange køar då ein ukjend mann prøvde å snike seg inn gjennom ei dør til avgangshallen på Flesland fredag føremiddag.

Evakuering på Flesland

LANG KØ: Det skapte lange køar ved tryggleikskontrollen på Bergen lufthavn Flesland då ein ukjend mann prøvde å snike seg inn i avgangshallen. Området blei tømt, og alle reisande kontrollert på nytt.

Foto: Rune Eriksen

Like etter klokka 9 fredag gjekk alarmen i tryggleikskontrollen på Bergen lufthavn Flesland, etter at personalet fekk mistanke om at ein mann hadde prøvd å ta seg gjennom ei dør inn til avgangshallen.

Kommunikasjonsansvarleg ved Flesland, Cathrine Framholdt, seier situasjonen no er under kontroll.

– Det dreier seg om ein mann som prøvde å snike seg gjennom, utan å lukkast. Vi tar ingen sjansar med tryggleiken, og valde derfor å evakuere alle dei klarerte passasjerane.

Lange køar

Episoden førte til forseinkingar på fleire fly, ettersom avgangshallen måtte tømmast og alle klarerast på nytt.

Like før klokka 10 gjekk trafikken igjen som normalt ved flyplassen.

– Veit de noko om kven denne personen var, og kva han ville?

– Vi hadde mistanke om at ein person hadde komme seg usett gjennom kontrollen. Då gjekk alarmen hos oss, slik den skal. Vi sjekka videoovervakinga, og er no sikre på at vedkommande ikkje kom seg inn i det klarerte området.

– Har de funne mannen?

Nei, det har vi ikkje. Vi opplevde dette som udramatisk, og ser på saka som avslutta.