Hopp til innhold

Uavklart smittesituasjon i Sogn – Hydro Årdal råka

Fleire tilsette ved Hydro i Årdal er bekrefta smitta etter eit utbrot i kommunen. Ordførar Hilmar Høl er uroleg over situasjonen.

Årdal kommune ligger innerst i Sognefjorden i Vestland fylke

SMITTE: I Årdal er sju personar bekrefta smitta. No jobbar kommunen intenst med å få kontroll over situasjonen.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– Akkurat no er situasjonen veldig uavklart, sa ordførar i Hilmar Høl tidlegare i dag.

I ei pressemelding i ettermiddag stadfestar ordføraren dette, og skriv at dei ventar fleire positive prøver.

– Situasjonen er uoversiktleg med venteleg fleire smitta i aldersgruppa 20-35 år.

Så langt er 140 personar testa, og i tillegg oppmodar kommunen personar som har vore på Tya bakeri i tidsrommet 2. august kl. 1720 til 00.35 om å teste seg ved symptom på smitte.

Hydro råka

– Vi har fleire tilsette som er bekrefta smitta, seier fabrikksjef Wenche Eldegard ved Hydro Årdal.

Ho vil ikkje gå inn på kor mange det er snakk om, men fortel at det også er fleire tilsette i karantene som ventar på prøvesvar.

Produksjonen går framleis som normalt ved Hydro i Årdal, men dei førebur seg på det fabrikksjefen omtalar som «worst case».

Kan det vere aktuelt å kalle folk tilbake frå ferie?

– Det kan vere aktuelt å inndra ferie, men vi er ikkje der enno, seier fabrikksjefen.

Fleire tiltak er allereie gjort, til dømes er kantine og trimrom stengt.

Wenche Eldegard, fabrikksjef, Hydro Årdal

TILTAK: Hydro i Årdal gjer no fleire tiltak for å hindre vidare smitte. Det skal ikkje gå folk mellom dei ulike avdelingane, og i tillegg må dei tilsette halde to meter avstand og bruke munnbind.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Uroleg over konsekvensane

Ordførar Hilmar Høl er bekymra for konsekvensane smitta kan ha for industrien i bygda.

– Spesielt for industrien som er blodåra vår, er dette utruleg trist. Eg trur likevel dei evnar å handtera det, seier han.

Årdal kommune har oppmoda arrangørane av musikkfestivalen Målrock og Lerum cup i skyting om å avlyse deira arrangement som skulle vere denne veka.

– Å få denne meldinga to dagar før festival, det er tungt. Dette er ein av dei tyngste dagane vi har hatt, seier festivalsjef for Målrock, Geir Kjetil Øvstetun.

Ordføraren Hilmar Høl er lei seg på vegne av festivaldeltakarane og arrangørane.

– Dessverre kan vi ikkje risikere å forverre situasjonen, seier Høl.

Høl sa tidlegare i dag at smitten ikkje kjem frå utbrotet på ein utestad i Sogndal, men truleg kjem frå Bergen eller Oslo.

Ukjend smitteveg i Sogndal

I nabokommunen Sogndal vart det tysdag registrert fire ny smittetilfelle.

Ein av dei smitta var ikkje vaksinert og har vore på jobb på sjukeheimen i Sogndal.

Ved Sogndal helse- og omsorgssenter er det på nytt innført restriksjonar for besøkande.

Åtte pasientar og sju tilsette er rekna som nærkontaktar av denne personen. Desse testa negativt. Pasientar blir følgde opp med ny test.

Totalt er det 40 nærkontaktar som er i karantene.

To av dei nye tilfella har ukjend smitteveg. Desse er nærkontaktar. Dei to andre tilfella frå tysdag høyrer til smitteutbrotet på utestaden i Sogndal.

– Her er det eit usikkerheitsmoment, men vi meiner å ha kontroll. Det er ikkje mange nærkontaktar til desse med ukjend smitteveg, fortel smittevernlege i Sogndal, Jan Ove Tryti.

Kommunalsjef i Sogndal, Tor-Einar Holvik Skinlo, er klar over situasjonen i Årdal og veit at mange rører seg på kryss og tvers i regionen.

– Vi har eit tett og godt samarbeid med nabokommunane om handteringa av smittesituasjonen, seier han.