Båtføraren har vedgått å ha drukke fire - seks pils, fortel politibetjent Kåre Reinen.
Kappkøyring
Det tyske ekteparet var på fisketur ved Kaupanger seint laurdag kveld. Men kveldsturen vart brått meir dramatisk enn venta. Båten som rende i dei kom køyrande parallelt med ein annan motorbåt, og til politiet har ekteparet opplyst at dei fekk inntrykk av at dei dreiv med kappkøyring.
Dei to tyske turistane fekk begge kutt i hovudet og slagskadar etter at den 17 fot store motorbåten braka inn i dei bakfrå. Det står etter tilhøva bra til med dei, men det kunne raskt gått mykje verre seier Reinen. Det var ein stor båt, og hadde farten vore større kunne robåten gått ned, seier han.
- Tek for lett på promille
Føraren av båten er i 30 åra og kjem frå Sogndalsområdet. At mannen sette seg bak rattet etter å ha drukke fleire øl, samt at han rende ein annan båt nesten i senk er noko politiet ser alvorlig på seier Reinen. - Folk tek lettare på promille i båt enn i bil, sjølv om det er like farleg, seier han.