Hopp til innhold

Tv-kokk skal lokke turistar

Fylket brukar 400.000 på matprogram på fjernsyn. Håpar å nå ut til hundre millionar tv-sjåarar.

Andreas Viestad, matelsker

MATGLAD: Kjendiskokk Andreas Viestad er ein av programleiarane i matprogrammet 'Perfect day' - som no kjem til Sogn og Fjordane.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Programmet heiter "Perfect day" og har hyra inn kjendiskokkar som skal lage mat i fri luft. tv-programmet vert laga av det norske selskapet Telleus works. Dei har laga fleire slike program tidlegare, og har mellom anna vore vist på amerikansk og kinesisk fjernsyn.

– Serien har både vore vist på CCTV1 i Kina, den vises i USA og nokre av episodane er i USA sett av over 100 millionar menneske, seier direktør i Tellus Works, Morten Ottesen.

Kokkar som medvirkar i serien er mellom anna Andreas Viestad. Han har tidlegare laga mat foran Operaen i Bjørvika og i fjella over Ålesund.

Trur på internasjonal marknadsføring

Og det var dette Fylkeskommunen tende på. Dei håpar på tre program frå Sogn og Fjordane.

Jenny Følling

ENTUSIASTISK: Jenny Følling frå Senterpariet har stor tru på marknadføringa programmet vil gi.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Film er eit sterkt virkemiddel, så vi har tru på at det å få ei internasjonal marknadsføring gjennom slike episodar kan vera verdifult både for fylket og for reiselivet i fylket vårt, seier Jenny Følling frå Senterpariet.

Startar opptak i desember

Opptak av programmet planlagt frå 15. desember, men produksjonsselskapet manglar framleis nokre hundre tusen kroner for å komme i mål.

Kor opptaka skal skje, vil Ottesen ikkje ut med, men han fortel at dei på ekte fylkeskommunalt vis kjem til å nytte seg både av kysten og av innlandet. Og på menyen kjem det til å vera mellom anna hjort.

– Ein får dei unike opplevingane med å vera i Sogn og Fjordane. Det er godt tv, og det vil verdas tv-publikum gjerne få med seg, avsluttar han.