Hopp til innhold

Tusenvis skreiv under for Simon

Utkasta 9-åring får overveldande støtte frå lokalbefolkninga i Flora.

Hollevik

Kåre Leif Hollevik står i bresjen for underskriftsaksjonen i Florø.

- Det er heilt utruleg. Vi har fått mellom 2500 og 3000 underskrifter - og då har vi ikkje fått med underskriftene frå Eikefjord og øyene, seier Kåre Leif Hollevik.

Han har stått i bresjen for underskriftkampanjen for Simon og faren Fkadu , som etter eitt og eit halvt år i Florø vart kasta ut av landet.

No er 9-åringen og faren tilbake i slummen i Italia , der dei kom ifrå. Det har opprørt eit heilt lokalsamfunn.

Godt mottekne

- Vi har fått veldig god respons frå dei vi har snakka med. Og mange har oppsøkt oss sjølv, seier Hollevik.

- Eg byrjar no å skjøne at Florø-hjartet og -sjela finst. Eg er stolt over vere frå Florø, legg han til.

Eigen solidaritetssong

Støttegruppa samla mange underskrifter i Florø på laurdag. Onsdag var det markering ved ungdomsskulen, der mellom andre Kurt-Arve "Washburn" Liabø stilte opp. Artisten hadde i løpet av natta laga ein eigen solidaritetssong for Simon og faren Fkadu.

- Dette er noko meir enn ei einskildsak. Simon er ikkje eit einskildpapir - men eit einskildmenneske og nabo, som vi er glade i, seier Hollevik.

Skal levere Stortinget

- Korleis er det å sjå at han er tilbake i slummen?

- Eg synest det er hjarteskjerande. Det går imot alt eg står for, og alt det Florø-folk står for, seier Hollevik, som sjølv var nabo med Simon og faren Fkadu.

Les også: - Eg vil ikkje sove ute

Støttegruppa tek no med seg dei bortimot 3000 underskriftene og reiser i morgon til Oslo. Der er planen å levere listene til politikarane på Stortinget.