Hopp til innhold

Turistane trudde bilen var stolen – fann den att i fossen

Turistane trudde bilen var stolen, men vart bedne om å leita litt til. Bilen har no kome til rette, på tørt land.

Bil i elva i Viksdalen

FOSSEKALL: Kvifor bilen trilla i elva er enno ikkje kjent. Derimot er det sikkert at det blir krevjande å redda den opp.

Foto: NRK-tipsar

Like før klokka halv to i dag ringde det hjå operasjonssentralen til Vest politidistrikt. På dårleg engelsk forklarte nokre turistar at bilen deira hadde forsvunne.

Dei hadde fyrst parkert bilen sin ved Råheimselva i Viksdalen, låst den og teke med seg alle nøklane. Men då dei kom tilbake ti minutt etter, var bilen forsvunnen.

– Dei trudde den var stolen, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Politiet fekk ikkje det heilt til å stemma, og bad turistane leita litt meir.

– Viksdalen er kanskje ikkje det området som er mest plaga med biltjuvar, seier Hellesund.

Etter nærare leiting, fann turistane bilen. Den hadde trilla utanfor skråninga, og låg mellom to steinar i Vallestadfossen i elva. Ti meter nedanfor dei.

Politiet stadfestar at det er turistane som eig bilen. Dei fekk tidleg avkrefta at det var nokon i bilen.

– Det er jo litt synd for dei. Hadde det vore ein leigebil, kunne dei fått ein ny, seier Hellesund.

Berginga gjekk etter planen

I ettermiddag vart bilen berga opp frå elva.

Ein stund såg det ut til å bli ein utfordrande bilberging. Dei måtte i verste fall byggja ein ny veg.

– Me kom oss ikkje ned til elva til fots ein gong, seier Arild Tistel, dagleg leiar i Førde bilberging.

Førde bilberging fekk oppdraget, men fordi det vil vert dyrt å redda den opp, måtte dei få garanti frå eit forsikringsselskap i Belgia om dei får betalt for å berga bilen.

Arild Tistel i Førde Bilberging

KREVJANDE: Arild Tistel, dagleg leiar i Førde bilberging, seier dei enno ikkje er sikre på korleis dei skal få bilen opp att.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Når garantien var på plass, var det berre å setje i gong med bergingsplanen.

– Vi fekk opp bilen og redda det meste av eigendelar, seier Tistel.

Dei trengde to bergingsbilar for å få bilen opp, men berginga gjekk heilt etter planen. No står bilen på tørt land hjå Førde bilberging.

Bilberging i Viksdalen

HER BLIR BILEN REDDA: Dei trengde to bilbergingsbilar for å heise opp bilen som hadde falt i elva.

Foto: Steinar Ness