Hopp til innhold

Turgåarar gjekk seg bort i Luster

To kvinner i 40-åra vart natt til måndag berga ned frå fjellet i Luster. Dei to tok feil veg ned att og vart overraska av mørkeret.

Luster

Dei to kvinnene melde sjølve frå om problema i 19-tida og då frivillige frå Røde Kors ikkje fann dei på oppgjeven stad, vart eit redningshelikopter sendt inn frå Florø.

Klokka 0055 var turgåarane lokalisert – to-tre kilometer utanfor ruta.

– Kvinnene opplyste at dei tok feil rute ned att, og det vart så bratt at dei ikkje våga å gå lenger. Så kom mørkeret, opplyser vakthavande redningsleiar, Owe Frøland, ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.

Lite drivstoff

Kvinnene vart lokaliserte i 800–900 meters høgde overfor Surnakvam i Feigumdalen på austsida av Lustrafjorden.

Dette var lenger inne i dalen enn ein først trudde. Politiet opplyste i 01-tida at dei to var frakta ned og tekne hand om av Røde Kors.

– Redningshelikopteret nytta nattbriller og varmesøkjande kamera i søket. Kvinnene vart lokaliserte like før redningshelikopteret måtte gått til Sogndal for å fylle drivstoff, seier Frøland.