Hopp til innhold

Tunnelvegg rasa ut

Store mengder stein rasa ned i vegbana i Berdalstunnelen på riksveg 50 mellom Aurland og Hol.

Ras i Berdalstunnelen
Foto: Trygve Øyum, Mesta

Raset gjekk omlag midt inne i tunnelen. Etter å ha vore stengd store delar av laurdag, er den no open for trafikk igjen. 

- Berdalstunnelen er rydda og ei køyrebane er open forbi rasstaden, seier Marit Torstad ved vegmeldingssentralen i Lærdal.

Store mengder med stein

I følgje Sogn Avis vart raset oppdaga av ein bilførar som var på veg til Østerbø laurdag morgon i 08.30-tida. Han meiner at det har komme massar tilsvarande to lastebil-lass med stein, og ei stor steinblokk har treft vegbana og delt seg.

Måndag skal Statens vegvesen sine folk vurdere om det er fare for at det kan komme meir, og sjå kva som kan gjerast for å sikre fjellsida betre. I fjor vart halve tunnelen reinska for lausmassar.

Aurland - Hol er stengt på grunn av rasfare, så raset skapte størst problem for dei som skulle til og frå Østerbø.

Ras i Berdalstunnelen
Foto: Trygve Øyum, Mesta