Hopp til innhold

Har du tyngre frukt enn dette? Då kan du vinne ein NRK-premie!

Frukta bognar på trea i eit fantastisk haustvêr. Vi har fått inn fleire bilete av svært tung frukt, men kanskje du har eit eple som er enda tyngre?

Tung frukt

SOLID FRUKTHAUST: Eple på godt over halvkiloen og pære på nær 400 gram er sjeldan vare for dei fleste. Men kanskje du har enda større frukt på lager?

Foto: Privat

Ekspertane snakkar om rekordhaust i frukthagane, og det uvanleg varme vêret har nok sett litt ekstra fart på epla og pærene.

Onsdag oppmoda vi publikum om å sende oss bilete av tung frukt, og førebels er det eit eple av typen raud aroma plukka hos Eivind Rake som leiar tevlinga.

Om du skulle ha eit eple, eller for den del ein annan frukt, som er enda tyngre, så send oss gjerne bilete. Skal du vere med i tevlinga om ein NRK-premie så må du sende bilete som kan dokumentere tyngda på frukta.

Send dine bilete til sf@nrk.no, SF til 1987 eller legg bilete på Instagram og bruk emnemerket #nrksf – så trekk vi ut ein vinnar!

Slik deler du Instagrambileta dine med NRK Sogn og Fjordane

Instagram #nrksf
Laster innhold, vennligst vent..