Hopp til innhold

Turlaget tryglar folk om å kome til fjells

Vertskapet fortvilar. Men drøymer du om å ha turisthytta nesten for deg sjølv? Ja, då er det kanskje no du skal ta turen til fjells.

Tjørnbrotbu i Austheiene.

LITE FOLK Å SJÅ: No oppmodar DNT nordmenn om å ta turen til fjells i haust.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

Etter ein solid sommar med gode besøkstal er det brått «ingen» som har bestilt plass på dei over 500 turisthyttene til Den Norske Turistforening (DNT). I alle fall vart det ein brå stopp i bestillingane då ferien var slutt.

– For dei som er glade i fjellet, og vil at desse hyttene skal vere tilgjengelege, så er tida absolutt no for å støtte opp og ta turen til fjells, seier Olav Slettebakken.

Han driv velkjende Aurlandsdalen turisthytte saman med sambuaren, Astrid Heggdal.

Aurlandsdalen turisthytte.

BRÅSTOPP: Vertane ved Aurlandsdalen turisthytte, Olav Slettebakken og Astrid Heggdal, hadde høge bestillingstal i sommar. Så sa det stopp.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Risikerer å måtte stenge

Etter ein krevjande vår med stengde hytter, vart det ein svært god sommar for mange av dei betente hyttene til DNT. Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang fortel at fleire hytter har meldt om rekordtal, trass i at smittevernet har sett ei tak på kor mange som får bu på hyttene samstundes.

– Det har vore langt betre enn det me hadde forventa, seier han.

Men 9. august gjekk rullegardina ned. For etter at fellesferien tok slutt, gjorde bestillingane det same. Dei utanlandske turistane som vanlegvis kjem på seinsommaren har også uteblitt.

Ifølgje Solvang er det stor fare for at fleire betente hytter ikkje har økonomi til å opne igjen til neste vår, om besøkstala ikkje tek seg opp att i haust.

– Me må ha besøk for å få det til å gå rundt. Den omsetnaden me sit igjen med i haust, er heilt avgjerande for korleis det vert neste år, seier han.

Generalsekretær i DNT, Dag Terje Solvang.

VIL HA FLEIRE TIL FJELLS I HAUST: Generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

Dramatisk for reiselivet

Det DNT opplever no, er slett ikkje unikt. Også i resten av reiselivet ser dei det same. Ei medlemsundersøking hos NHO Reiseliv syner at forbruket av reiselivstenester har stupt i august. Over 70 prosent av dei som har svara seier at dei har vesentleg færre bestillingar i september og oktober enn på same tid i fjor. Samstundes svarar over 30 prosent at det er ein reell fare for at bedrifta deira vil gå konkurs.

På turisthyttene i fjellet er det normalt utanlandske turistar som fyller opp vekedagane utover hausten. Samstundes er også norske bedrifter gode kundar. Men også dei siste har glimra med sitt fråvære i år.

– Liten smitterisiko

Solvang seier DNT har gode smitteverntiltak på hyttene, og med ingen smittetilfelle i fjellheimen og få folk, så håpar han at nordmenn kjenner besøkstida si.

– Tryggleik og helse skal komme først. Samstundes så er det så stille og roleg no at det burde ikkje vere noko hindring.

For Slettebakken i Aurlandsdalen er det i alle fall ikkje tvil om at det er trygt å komme på besøk.

– Me har drive med dette sidan mai; vasking, spriting og avstand, så det skal nok gå bra, seier han.

– Me måtte seie nei til mange som ville bestille plass i sommar og fjellet er jo på sitt finaste i haust. Så sjansen er der jo definitivt no.

Ved Aurlandsdalen turisthytte.

T FOR TRYGT?: – Det er ikkje farleg å kome til oss no, seier Olav Slettebakken. Både han og pus håpar fleire av dei som ikkje fekk plass hjå dei i sommar, vel å ta turen i haust.

Foto: Ola Weel Skram / NRK