Trur på to på tinget

Senterpartiet i fylket har som mål å få to representantar på Stortinget etter stortingsvalet til hausten. Det kjem til å krevje mykje arbeid, men vi meiner det er fullt mogleg, seier første nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti Karoline Bjerkeset. Det ambisiøse målet kjem etter svært gode meiningsmålingar siste tida, og vart presentert i går under fylkesårsmøte til Senterpartiet.