Hopp til innhold

Trur på sjøkabel

Over halvparten av hordalendingane trur kraftstriden i Hardanger endar med sjøkabel.

Sjøkabel ilandføres
Foto: Statnett

Ei meiningsmåling gjort av Respons Analyse på oppdrag for NRK og Bergens Tidende, syner at over halvparten av hordalendingane trur regjeringa vil snu, og velje sjøkabel.

Jan Erik Grindheim er førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han meiner at spørsmålet om det blir sjøkabel i Hardanger er heilt ope.

- Regjeringa skal ta fleire omsyn i saka. Regjeringa må og skal vise handlekraft i eit demokrati. Samtidig må dei også lytte til folket. Sånn sett er denne saken veldig, veldig interessant. Med tanke på kor viktig dette symbolet er for Noreg, trur eg det vil vere riktig av regjeringa å snu, seier Grindheim.

Meiningsmålinga syner at 52 prosent av hordalendingane trur kraftstriden i Hardanger endar med at delar av linja blir lagt i sjøkabel.

33 prosent trur det blir luftspenn heile vegen, og 14 prosent er ikkje sikre.


Må vente på svaret

Svaret får vi til våren, etter at ei uavhengig ekspertgruppe har konkludert og Regjeringa har bestemt seg.

Leiar i Hordaland AP, Sveinung Valle, er spent på resultatet. For han er det viktig å få sjøkabel.

- Alle partia i Hordaland, inkludert Arbeidarpartiet har jo gått inn for sjøkabel. Sånn sett er det nye vedtaket meir i tråd med det som vårt primære standpunkt, seier Valle.