Hopp til innhold

– Kvisvegen vil ikkje styrke Ålesund

Forskar trur ikkje Kvivsvegen vil bidra til at Ålesund blir regionhovudstad på Nordvestlandet.

Ålesund

TRUR IKKJE PÅ ENDRA REISEMØNSTER: Forskar Finn Ove Båtevik ved Møreforsking trur ikkje Ålesund vil styrkje seg etter Kvivsvegen opnar.

Foto: Terje Reite / NRK

– Nei, Kvivsvegen i seg sjølv vil ikkje i særleg grad endre reisemønsteret mellom Indre Nordfjord og Ålesund, seier forskar Finn Ove Båtevik ved Møreforsking i Volda.

Bjørn Tømmerdal (H)

ORDFØRAREN I ÅLESUND: Bjørn Tømmerdal trur på vekst for Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det var i går ordførar Bjørn Tømmerdal i Ålesund gjekk ut og sa Kvivsvegen, som blir opna den 22. september, vil verke viktig for utviklinga av kystbyen på Sunnmøre.

– Kvivsvegen vil føre til at folk kan bevege seg på ein heilt annan måte. Ålesund vil meir enn gjerne vere byen for heile Nordvestlandet. Dei som bur i nordfylket i Sogn og Fjordane har eit lynne, ein mentalitet og veremåte som ligg veldig nært opp til sunnmøringen. Det er det vi på ein måte må prøve å utnytte, seier Tømmerdal.

Fryktar ikkje Kvivsvegen

Olve Grotle

FØRDE-ORDFØRAREN: Olve Grotle er ikkje uroa for Førde.

Foto: Høgre

Ordførar i Førde, Olve Grotle, fryktar på si side ikkje at nordfjordingane skal velje Ålesund eller Ørsta/Volda framfor Førde.

– Mitt utgangspunkt er at nye kommunikasjonslinjer er ein fordel. Eg nektar å gå inn i snevre vurderingar av om den eine eller andre kommunen vil tene på det. Eg er trygg på at vi alle tener på det, seier Grotle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kvivsvegen

SNART KLAR: Laurdag 22. september opnar Kvivsvegen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Meiner Ørsta/Volda er midtpunkt

Alfred Bjørlo

EID-ORDFØRAREN: Alfred Bjørlo meiner det er fleire barrierer for regionsutvikling.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner bru via Anda-Lote over Nordfjorden vil vere avgjerande for kor viktig Sunnfjord vil bli for nordfjordingane i åra som kjem.

– Manglande realisering av framtidsretta kommunikasjonar, og då i første rekke ei bru midt i Nordfjord som både gir korte vegar til Sogndal og Førde, er noko som i dag er barriere på regionutvikling den vegen.

Forskar Finn Ove Båtevik trur i hovudsak at det er søre Sunnmøre som vil få vekst ved hjelp av Kvivsvegen.

– I utgangspunktet er det geografiske midtpunktet Ørsta/Volda, seier han.