Jakob Helset. som er nestleiar i arbeidsutvalet for E-39 Lote ferjekai - Stigedalen - Volda ferjekai, meiner dette vil vere rotete og uoversiktleg for trafikkantane..
– Her har det blitt eit samansurium av riksveg og europaveg på ei og same strekning. Det er jo stikk i strid med regelverket, slik vi ser det. Vi meiner dei villeiar trafikkantane med at det er to europavegar, seier Helset til NRK.
- LES OGSÅ:
– Syner berre vegen
Han meiner og resten av arbeidsutvalet meiner at Statens Vegvesen rett og slett må skru ned att skilta som er sett opp.
Knut Ivar Nauste, som er avdelingsdirektør i Statens Vegvesen region Midt, kjenner seg ikkje igjen i kritikken, og seier dei har brukt ein skilttype som som syner at dette ikkje er ein fullverdig europaveg
– Det vi har sagt er at vi foreslår at vi skal skilte til Volda med ikkje eit fullverdig E39-skilt, men eit skilt som viser vegarm til E39. Det er fordi at vi har teke omsyn til dei trafikkantane som kjem austfrå og sørfrå, og som då er ukjende, seier Nauste.
USAMD: Knut Ivar Nauste i Statens Vegvesen er sterkt usamd i kritikken mot skiltinga.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKKortast over Kviven
Han meiner det er heilt rett at bilistane skal få vite den kortaste vegen til Volda, sjølv om det ikkje er da ein heilt ferdig veg fram til dit enda.
– Den er jo open for allmenn trafikk, og då synes vi at trafikkantane skal få vite kva som ser kortaste køyrestrekninga. Vi signaliserer at dette ikkje er ein fullverdig veg enda.
– Men no meiner arbeidsutvalet for dette området at dette er rotete og uoversikteleg for trafikkantane?
– Det var i alle fall ikkje det som var tanken frå vår side. No har jo ikkje vi svart på brevet enda, men eg trur nok at konklusjonen får bli uendra. Vi trur at vi hjelper dei trafikkantane som er litt ukjende i området med kva som er den kortaste og enklaste vegen, sler Nauste fast.
- LES OGSÅ:
Krev tilbod oppretthalde
For Jakob Helset og dei andre i vegkomiteen handlar dette og om å få oppretthalde eit fullverdig ferjetilbod når Stigedalen vert nedgradert til fylkesveg om eit års tid.
– Så lenge som Stigedalen er europaveg, så har jo det offentlege ansvar både for veg og ferje. Vi forventar at vi skal behalde tilboda som vi har hatt, seier Helset.