Hopp til innhold

Trur ikkje motstanden har minka

Hardanger-ordførar trur ikkje motstanden mot kraftlinjer har minka, trass i den iskalde vinteren med rekordhøge straumprisar.

Mona Hellesnes

Ulvik-ordførar Mona Hellesnes trur ikkje motstanden har minka.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Klassekampen skriv i dag at motstanden mot kraftlinja i Hardanger er blitt mindre. Avisa skriv blant anna at AUF, ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet, har snudd i kraftlinjesaka.

– Klima er viktigast

I desember i fjor blei det gjort ei undersøking som viste at det var færre motstandarar enn nokre månader tidlegare.

Leiaren i AUF meiner klima er viktigare enn natur, når desse to forholda må setjast opp mot kvarandre.

– Dersom kablar i sjøen blir mykje dyrare enn kraftlinjer, må vi prioritera utbygging av fornybar energi, seier AUF-leiar Eskil Pedersen til avisa.

– Motstanden held seg oppe

Bevar Hardanger hindrer Statnett byggestart

Aksjonistar forsøkte å hindra anleggsarbeidet på Kvamskogen.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Men ordføraren i Ulvik i Hardanger, Mona Hellesnes, avviser at motstanden har minka, sjølv etter ein periode med rekordhøge straumprisar og mykje fokus på det.

– Eg er uenig i det. Eg trur at motstanden fortsatt er stor, seier Hellesnes til NRK.

Avventar ekspert-rapportar

Ordføraren legg til at ho har respekt for jobben som blir gjort av dei fire uavhengige ekspert-utvala og avventar rapportane deira. Desse utvala blei sett ned i august i fjor , og legg fram sine rapportar om sjøkabelalternativet på tysdag.

– Vil du godta dei konklusjonane som kjem på tysdag?

– Eg reknar ikkje med at den endelege konklusjonen kjem på tirsdag. Det kjem fire rapportar, og så blir det ei politisk avgjerd til sjuande og sist, seier Hellesnes.

Kva meiner du om kraftlinja?