Hopp til innhold

Trugar med politisk streik

Sterke meiningar kom fram på orienteringsmøtet i Øystese. Konserntillitsvald i Statoil, Stein Atle Jølle, trugar med politisk streik.

Stein Atle Jølle

Stein Atle Jølle engasjerer seg i kraftlinje-saka. Han deltok på orienteringsmøtet der blant anna statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen talte.

Foto: Johannes Morland

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete og olje- og energiminister Terje Riis-Johansen har i dag vore på rundtur i Hardanger. I ettermiddag deltar ministerane på eit orienteringsmøte i Øystese.

LES OGSÅ: Fikk vafler, men ingen jubel

Stein Atle Jølle er ein av dei som tok turen til Øystese i dag, for å prøva å få ein prat med statsrådane.

– Eg ser korleis regjeringa og politikarane bløffar. Eg har sagt til olje- og energiministeren at viss dei køyrer desse mastene her så kjem eg til å jobba for at mine medlemmer i Nordsjøen tar politisk streik på dette. Fire timar politisk streik som er lovleg, på denne saka her kunne dei lagt kablar som berre det, seier Jølle.

Kraftlinja skal byggast for å sikra kraftforsyninga til Bergen, og blant anna oljeindustrien i området. Jølle er likevel i mot utbygginga.

Vil ta det opp med fleire

– Eg er lei av at politikarane bløffar det norske folk. Dei har pengar til det dei vil. Det eine augeblikket skal dei ekspropriere Hardangervidda og laga naturparkar, og i det neste augeblikket skal dei setta opp nokre monstermaster, seier Jølle.

– Er dette noko du vil ta opp med andre tillitsvalde i Statoil?

– Ja i høgste grad, ikkje berre i Statoil, men i Nordsjøen. Me kan ikkje finna oss i slikt, me må byrja å bli litt tøffare i dette landet her, seier Jølle.

LES OGSÅ: Planlegger fremdeles lenkegjeng

– Forventar naturvenleg løysing

Synnøve Kvamme har også engasjert seg sterkt i kraftlinje-saka. Ho hadde forventingar i forkant av møtet.

– Eg er spent på å høyra kva dei har å seia om vedtaket dei har gjort, og planen for det vidare arbeidet. Eg forventar at dei no verkeleg vil høyra på kva me har å seia, og eg forventar ei naturvenleg løysing på heile strekninga, seier Kvamme.

– Har fått ei betre forståing

NRK snakka med Senterpartitoppane før orienteringsmøtet starta. Dei hadde då besøkt fleire kommunar i Hardanger, og snakka med lokallag.

– Me har gått gjennom situasjonen, korleis dei opplever situasjonen per i dag. Me er heldig som har flotte lokallag som står opp for partiet sitt, og som jobbar i partiet for å få endra vedtak som dei ikkje var einige i, sa Liv Signe Navarsete.

– De har sagt at de treng nye argument, har de fått det?

– No tek me ein gjennomgang for grunnlaget for ein eventuell sjøkabel og det er der dei faglege diskusjonane må stå. Me har fått ei betre forståing for korleis ein ser på denne saka her, og det er viktig for meg å snakka med folk, seier Navarsete.