Arbeidet på steinbrotet i Bremanger starta opp i 2000 og skal vere i full produksjon 2. kvartal neste år. Dei nederlandske eigarane har alt investert 100 millionar kroner i steinbrotet, som vinn ut ein spesiell type stein for asfaltproduksjon på kontinentet.
Protestar frå naboar
Men den hollandske nyvinninga er langt frå like populær i Bremanger som hos dei mange hollendarane som har busett seg i kommunen. Alt før oppstarten har protestane frå naboane til steinbrotet strøymt inn til Fylkesmannen si miljøvernavdeling. 26. september i år gjekk Fylkesmannen til aksjon, og gjennomførte ein uanmeldt kontroll. Kontrollen avdekka det klagarane hadde påpeika, nemleg alvorlege brot på forureiningslova.
Store slamutslepp
Fjorden var synleg prega av store slamutslepp. Bassenget som skal samle opp overflatevatnet er alt for lite, og overflatevatn med store mengder slam rann ut over bakken og rett i sjøen. Forklaringa til verksemda var at røyret som skal føre slammet ut på djupt vatn var gått tett.
Liten kjennskap til norsk
Det blir vidare reagert på at leiinga og teknisk personell som har ansvaret for drifta berre i liten grad har kjennskap til norsk språk. Til tross for dette, er ikkje forskrifter og regelverk oversett til eit forståeleg språk. Det er heller ikkje noko system for å ivareta tryggleiken på steinbrotet.
- Skal gjere alt for å utbetre
Administrasjonssjef i selskapet, Rune Moe, seier at dei kjem til å gjere alt dei kan for å utbetre avvika innan fristen som er 15. november. Ein stogg i anleggsarbeidet er noko dei absolutt ikkje ønskjer. Kvifor dette ikkje er gjort før, er han lite konkret på. Men peikar på at dei tross alt er i ein anleggsfase. Han seier også at sjølv om lovene i Nederland og Norge er like, så er det nok ein viss kulturskilnad på korleis desse blir praktisert i Nederland og Norge.