Hopp til innhold

Truga politibetjentar med å drepe dei

Mannen i 30-åra sa til to politibetjentar og ein ambulansearbeidar at han skulle hugse ansikta deira og drepe dei, ein etter ein.

No er han dømd til 21 dagar i fengsel, samt 24 dagars fengsel på vilkår. Sjølv hugsar han ingenting frå oktobernatta i Nordfjord i fjor.

Det starta då ambulansepersonell bad om assistanse frå politiet. Mannen i 30-åra var godt rusa og veksla mellom å vere medvitslaus og utagerande når han var vaken.

Måtte leggjast i bakken

Då dei to frå politiet kom fram til staden prøvde dei å reise mannen opp i ståande stilling for å setje handjern på han.

Det likte han ikkje, og tok dermed tak i slipset og tenestebeviset til ein av politibetjentane. Politiet måtte leggje mannen i bakken for å få på han handjerna.

Men mannen hadde framleis ikkje fått ut nok frustrasjon. Då politiet bestemte seg for å ta han med til lege for deretter å setje han i drukkenskapsarrest, måtte han festast til båra med tre stroppar.

Mannen bad om å bli slept laus slik at han kunne ta sitt eige liv. Retten skildrar mannen som svært hissig og uroleg.

Minst 10 drapstrugslar i ambulansen

Like etter sa han til politibetjenten og ambulansearbeidaren som var med han at han skulle hugse ansikta deira og at han skulle drepe dei ein etter ein.

Ifølgje politibetjenten som sat i ambulansen skal mannen ha kome med minst 10 drapstrugslar på veg til sjukehuset. Då dei kom på sjukehuset kom han med nye drapstrugslar. I tillegg sparka han ein av politibetjentane i låret.

Politiet måtte også leggje ei pute under hovudet hans fordi han ikkje ville slutte å slå hovudet sitt mot golvet. Då legen hadde undersøkt mannen vart han sett i drukkenskapsarrest.

Beklaga seg til politiet

Mannen, som ikkje er frå Sogn og Fjordane, har forklart at det same dagen var blitt slutt med sambuaren hans, og at han var langt nede og difor begynte å drikke saman med ein kamerat.

Morgonen etter beklaga han seg til politiet for det som hadde skjedd, noko retten har teke med i vurderinga si. Han har også sagt at han ikkje hugsar noko av det som har skjedd denne natta.

Retten fann at aktor sin påstand om 45 dagar fengsel, derav 24 dagar på vilkår, var ei passande straff. I skjerpande retning er mannen bøtelagt seks gonger tidlegare.