Hopp til innhold

Trudde dei hadde løyst sjukepleiar-gåta – no står 10 av 37 stillingar tomme

Etter år med sjukepleiarmangel klarte industribygda å lokke spanske sjukepleiarar til Sogn. Men lykka vart kortvarig.

Høyanger helse- og omsorgssenter

SKRIKANDE BEHOV: Ledige stillingar og tomme søkjarlister. Det er vanskeleg å få i hop vaktplanen etter at dei spanske sjukepleiarane forlèt Høyanger helse- og omsorgssenter.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Situasjonen er krevjande. Det er ein situasjon som er krevjande for dei aller fleste kommunane i Noregs land, og kanskje spesielt i Distrikts-Noreg, seier Ørjan Haram.

Han er kommunedirektør i Høyanger, ein kommune som trudde dei hadde sett lyset. Etter langvarig sjukepleiarmangel tilsette dei i fjor sju spanske sjukepleiarar i faste stillingar.

Spanjolane tok med seg familiar og busette seg i den fråflyttingstruga industrikommunen i Sogn. Men innan eitt år sa alle opp stillingane og flytte heim att.

NRK har kontakta fleire av dei spanske sjukepleiarane utan å få svar.

Heime i stova var Gonzalo Gutiérrez og sjukepleiar Maria Valle Cabezas-Sanchez på bileta.

FLYTTE TIL NOREG: Gonzalo Gutiérrez og Maria Valle Cabezas-Sanchez frå Spania var blant dei ti som takka ja til jobb i Høyanger. No er dei reist tilbake til Spania.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Tok ein «spansk ein» og feila

Det var etter år med kostbare vikarstafettar at kommuneleiinga såg løysinga. Dei spanske sjukepleiarane vart rekrutterte til faste stillingar via eit rekrutteringsbyrå.

No er kommunen med 3900 innbyggjarar tilbake på vikar-køyret, med 10 tomme sjukepleiarstillingar og tomme søkarlister.

Kommunen har til saman 37 sjukepleiarstillingar innan heimesjukepleie og institusjonar.

Det var Firda som først fortalde om saka.

Korleis dei skal løyse sjukepleiar-floken, har ikkje kommunedirektøren noko klart svar på. Kommunen har no sett ned ei arbeidsgruppe som skal evaluere ordninga med føremål om å ta lærdom til framtidige satsingar.

– Vi veit det ikkje er eit svar med to strekar under. Vi er i ein prosess med å finne svara på utfordringane, men vi ser ikkje svara heilt endå, seier kommunedirektøren.

Og Høyanger er slett ikkje åleine om å jakte sjukepleiarar. Ifølgje Nav manglar det 4600 sjukepleiarar i Noreg. Talet er venta å stige.

Åtvarar mot kjappe løysingar utanlands

Leiaren i Norsk sjukepleiarforbund, Lill Sverresdatter Larsen, er ikkje overraska over den spanske exiten i Høyanger. Ho kritiserte i fjor kommunen for måten dei rekrutterte sjukepleiarar på, og kalla det uetisk.

Lill Sverresdatter Larsen, leder av Norsk Sykepleierforbund_TYI07011

PENGAR ER NØKKELEN: Lill Sverresdatter Larsen meiner høgare løn til sjukepleiarane, vil løyse krisa.

Foto: Per Sveinung Larsen / NRK

– Vi er ei rikt land og det er ein global sjukepleiarmangel. Spania treng sine eigne sjukepleiarar. Noreg må klare å utdanne og halde på dei utdanna sjukepleiarane sine.

Larsen meiner det dessutan er eit sjansespel å basere seg på utanlandsk arbeidskraft.

– Høyanger er eit eksempel på at vi i ikkje må belage oss på vikarar og bemanningsbyrå frå andre land. Dei kan fort gå tilbake til sine eigne land. Dette såg vi også skjedde med danske og svenske sjukepleiarar under pandemien.

NSF-leiaren meiner nøkkelen ligg i høgare løn. Ho peiker på at nær 17.000 utdanna sjukepleiarar står utanfor yrket i dag. For å gjere yrket attraktivt igjen for denne gruppa, må arbeidsgjevarar sikre høgare løn og betra arbeidsvilkår.

– Løn må kome først. Det vil løyse situasjonen veldig kjapt, seier ho.

Nabokommune har løyst floken

Medan Høyanger slit, har Lærdal kommune, 13 mil lenger aust i Sognefjorden tilsynelatande funne suksessoppskrifta. I kommunen med 2100 innbyggjarar er alle sjukepleiarstillingane fylte.

Monika Obara, assisterande einingsleiar for pleie og omsorg i Lærdal kommune, meiner godt arbeidsmiljø og moglegheiter til fagleg utvikling, er viktig.

Monika Obara er assisterande einingsleiar for pleie og omsorg i Lærdal kommune.

FULLE STILLINGAR: Monika Obara seier trivsel er viktig for å lukkast med rekrutteringa.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / Lærdal kommune

– Sjukepleiarar som nettopp har begynt eller skal begynne her seier til oss at arbeidsmiljøet er utgangspunktet for at dei vil jobbe hos oss.

Og når trivselen er høg, blir ryktet godt, seier omsorgssjefen som fortel at sjukepleiarane sjølve driv rekruttering til kommunen.

– Dei som jobbar hos oss vil hente fleire til oss, fordi det er godt å jobbe her. Dei ser at vi set stor pris på kvar enkelt, og at vi gir høve til fagleg utvikling.

Tilbyr stipend

I Høyanger håpar dei at løysinga i større grad er å finne lokalt, snarare enn i Spania.

Gjennom ei stipendordning får lokal ungdom stipend frå kommunen under sjukepleiarutdanninga, mot at dei bind seg til å komme tilbake i jobb. I tillegg er må dei klare å halde på dei sjukepleiarane dei har.

– Å halde på arbeidskrafta er viktig. Sjølve arbeidet må opplevast som attraktivt. Eg trur ikkje det berre handlar om løn, seier kommunedirektør Ørjan Haram.