– Eg reagerer sterkt på at pasientar som treng akutt ortopedisk behandling med narkose skal køyrast forbi sjukehus med både kompetanse og kapasitet. Eg kan ikkje forstå at dette vil bety ei betring for innbyggjarane våre, seier Erling Sande. Han vil gå til helseministeren, med saka, dersom framlegget blir vedteke i dag.
Må øva
Dersom framlegget går gjennom, får ikkje akuttpasientar som treng narkose operasjon ved lokalsjukehusa, sjølv om kirurgar og sjukepleiarar er på jobb. Desse pasientane skal i staden køyrast til Førde, fordi legar som skal utdanna seg til spesialistar treng fleire pasientar å øva seg på.
- Bolstad feilinformerer
Erling Sande meiner direktør Jon Bolstad feilinformerer når han har sagt at akuttberedskapen står fast ved lokalsjukehusa.
– Han gir inntrykk av at tilbodet skal oppretthaldast, men let vera å nemna at alle pasientar som treng narkose skal til Førde. Dette er tåkelegging og uprofesjonelt, seier Erling Sande .
Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, avviser at han har prøvd å gøyme vekk eit upopulært vedtak.
Berre justering
-Det er presist rett det som er sagt. Vi rører ikkje akuttberedskapen med eit minutt. Justeringa vi har føreslege gjeld t.d. to prosent av pasientgruppa som er innom Nordfjord sjukehus i løpet av eit år.
At Erling Sande vil gå til helsestatsråden med denne saka, ynskjer ikkje Bolstad å kommentera. –Han står fritt til det. Vi er vane med det, seier Bolstad.
Styret i Helse Førde er samla på Sentralsjukehuset i dag.