Hopp til innhold

Trossene var kutta

Det flytande hotellet som ligg i Svelgen dreiv opp i fjøresteinane natt til laurdag.

Flotellet Fjord Comfort i Svelgen

Ein taubåt slepar 'Fjord Comfort' tilbake til kaia.

Foto: Politiet

.- Trossene til flotellet "Fjord Comfort" er kutta av, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Etterlyser vitne

- Dette må ha skjedd ein eller annan gong natt til laurag, og vi er svært interessert i å få vite om nokon har sett eller høyrt noko i det aktuelle området, seier Solvåg. Vedkomande som har kutta trossene må ha hatt tilgang på båt, sidan flotellet låg fortøyd til ein bøye.

Ikkje synlege skadar

Ein taubåt frå Florø var laurdag i Svelgen og fekk buksert det flytande hotellet tilbake til bøya det låg fortøyd til. Det var til alt hell ikkje synlege skadar på skroget.

Ikkje folk på flotellet

Det var ikkje folk på flotellet, som ligg i opplag i Svelgen.