Trolltunga gir handelsboom

Folk frå heile verda straumar til Odda for å gå den spektakulære turen til Trolltunga. Jostein Soldal i Opplev Odda har losa mange turistar til topps, men aldri så mange som i år.

Trolltunga gir handelsboom

– Me hadde jo venta 30 prosent auke på turistar i år, men det har vore mange fleire. Det har i alle fall vore ei dobling så langt i år, samanlikna med i fjor, fortel Soldal.

I sommar har heile 15.000 menneske gått den dryge mila til Trolltunga, enkelte dagar er det nesten 2000 personar som tek turen opp. Det er turistleiaren glad for, men han fortel at besøkskapasiteten har ei smertegrense.

– På eitt eller anna tidspunkt må vi berre setje ei grense. Når vi nærmar oss opp mot 1000–1500 personar som vil opp kvar dag, så blir det så blir det veldig lange køar for å ta bilete, seier Soldal.

Overskot for første gong på 100 år

Josten Soldal

REKORDÅR: Leiar i Opplev Odda er glad for at rekordmange tek turen til Trolltunga. Men for så mange turistar byr på somme problem.

Foto: Egil Torheim

Fleire turistar til Trolltunga, tyder også fleire turistar til Odda kommune. Soldal fortel at hotell i Odda no går med overskot for første gong sidan 1910.

Totalt i år har handelsstanden i Odda hatt ei auke på 13–15 prosent i forhold til i fjor.

– No byrjar faktisk juli månad å nærme seg resultatet i desember månad i fjor, seier Inge Lægreid, leiar i Odda handelsstandsforeining. Det vil seie nesten to julemånader i året, seier han nøgd.

Medaljen har ei bakside

John Opdal Odda

– BYGG HOTELL: Ordførar i Odda, John Opdal, meiner at investorar må ta tak og byggje fleire hotell I Odda kommune.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Turistmaskina Trolltunga fører også til somme utfordringar, fortel ordførar i Odda, John Opdal.

– Alle desse turistane må jo ha ein stad å bu. Men i Odda har me rett og slett ikkje nok hotellrom, seier Opdal.

– No må dei som er investorar sjå det som er marknaden i Odda i dag. Dei må kome hit og byggje fleire hotell, for det treng me no, meiner ordføraren.

Søppelproblem

Den aukande turiststraumen til Trolltunga har også ei anna sida. Dei store folkemengdene fører også til auka forsøpling av naturen.

Det største problemet oppstår når mange bestemmer seg for å overnatte i telt ved Trolltunga. Difor ønskjer også Opplev Odda at ei turisthytte skal kome på plass ved attraksjonen, fortel Soldal.

– I haust skal me gå nokre rundar og sjå kva tiltak me eventuelt må gjennomføre til neste år, seier Soldal.