Hopp til innhold

Trøblete juledag på fjellovergangane

Skal du ut på vegane i Sogn og Fjordane første juledag kan du måtte smørje deg med mykje tolmod. Det er ikkje sikkert du kjem deg fram i det heile teke.

Vikafjellet første juledag

UVÊR: Riksveg 13 over Vikafjellet er også første juledag stengd grunna uvêr. Fjellet var stengd heile julaftan, og det er ikkje sikkert vegen kan opne att første juledag heller.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier i 15-tida at det bles ganske godt fleire stader i fylket, men at det har vore overraskande få telefonar.

– Det er ein god del vind, men det går forholdsvis bra dei fleste plassar, seier han.

Utover ettermiddag skal vinden ta seg opp endå nokre hakk, og spesielt mellom klokka 16 og 19 vil forholda på fjellovergangane bli verre.

Deretter blir det ein litt rolegare periode på kvelden, før det blir verre att til natta.

– Dei som skal ut på farten kan vite at det er ein periode i kveld som er bra, og så blir det ganske ille att fram til ut på ettermiddagen i 12-13-tida andre juledag, er beskjeden frå Molvær onsdag ettermiddag i 15-tida.

Problem på fleire av fjella

Du synst gjerne vinden ruskar godt utanfor huset ditt første juledag, og slik er det over store delar av Sør-Norge. På fjellet bles vinden sterkt fleire stader, og det fører til trøbbel for dei som skal halde vegane opne.

Onsdag føremiddag var det så ille på riksveg 13 over Vikafjellet at vegen her er heilt stengd. Det var den også heile julaftan, og klokka 10.30 vart det klart at vegen ikkje opnar att første juledag heller.

På riksveg 15 over Strynefjellet var det tidleg første juledag stengd grunna uvêr, men like over klokka 10 opna vegen for kolonnekøyring. Like over klokka 12 opna fjellovergangen for fri ferdsel.

Også på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet bles det godt, klokka 10.15 var det minus 2 grader, stiv kuling og lette snøbyer. Det er førebels fri ferdsel over denne fjellovergangen.

E16 over Filefjell er også i dag den mest stabile fjellovergangen. Det bles ein del også her, men her skal forholda vere rimeleg greie, opplyser Vegtrafikksentralen

Ferjer måtte leggje til kai

Den sterke vinden skapar også problem for ferjene. Onsdag føremiddag var det på det verste fire ferjesamband som var innstilte på grunn av vind og uvêr.

Dette gjaldt Isane-Stårheim på fylkesveg 614 i Nordfjord, Rutledal-Rysjedalsvika på fylkesveg 57 og Krakhella-Rutledal på fylkesveg 606. Dei to siste går klokka 17 som normalt, medan Isane-Stårheim framleis er stengt.

Sambandet Leirvåg-Sløvåg på fylkesveg 57 i Gulen var også lenge stengd grunna uvêr, men frå klokka 14.40 gjekk ferja her som vanleg att.

Slik er stoda klokka 17.30:

  • E16 Filefjell – ope for fri ferdsle. Snø og isdekke, klokka 13:45 var det minus 1 grad, frisk bris og opphaldsvêr
  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna uvêr. Blir ikkje opna att første juledag.
  • Riksveg 15 Strynefjellet – opna for fri ferdsel etter kolonnekøyring tidlegare. Snø og isdekke. Klokka 12 var det minus 1 grad, liten kuling og skya opphaldsvêr
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – ope for fri ferdsle. Klokka 16.30 var det minus 2 grader, liten kuling og snø.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – vegen er stengd ved Geiteryggtunnelen på grunn av vedlikehaldsarbeid. Elles på fjellet er det meldt om snø og isdekke, klokka 05.30 var det minus 1 grad, lett bris og lette snøbyer
  • Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – ope for fri ferdsle. Snø og isdekke, klokka 09 var det minus 2 grader, laber bris og opphald
  • Fylkesveg 92 Stordalsstølen-Hestfossen i Høyanger, stengd grunna uvêr, opnar ikkje første juledag
  • Ferjestrekninga Isane-Stårheim – innstilt på grunn av sterk vind