Ferje søkte ly midtfjords

Vinden har onsdag blåse så kraftig at det har vore nærast umogleg å leggje til kai ved kaiene i Nordfjord. Ei tid søkte ferja «MF Davik» ly midtfjords til vinden løya.

Ferja MF Davik har lagt seg til ro midtfjords på grunn av den sterke vinden

MIDTFJORDS: Bilferja MF Davik ligg midtfjords medan mannskapet ventar på at vinden skal løye. Biletet er teke frå Stårheim.

Foto: Øystein Torheim

– Vi ligg og ventar på at vêret skal gje seg, fortalde ferjekapteinen til NRK.no i 12-tida onsdag føremiddag.

Ferja «MF Davik» trafikkerer ferjesambandet Isane-Stårheim som går over Nordfjord, men første juledag fekk dei ikkje gjort jobben sin.

– Det var ille i går også, men då greidde vi å ta alle turane. I dag når vi kom på vakt var det verkeleg ille, fortalde Heggøy til NRK.no i 12-tida.

SISTE: I 17-tida opplyser ferjemannskapet at dei har lagt seg til kai ved Stårheim. Der blir dei liggande til vinden gjer seg, om den blir verre vil dei på ny reise ut på fjorden for å unngå skader dei kan få ved å liggje til kai.

På det verste var fire ferjesamband innstilte på grunn av den sterke vinden i Sogn og Fjordane onsdag føremiddag og ettermiddag.

– Det verste nokon sinne

Heggøy fortalde tidleg onsdag ettermiddag at dei hadde valt å leggje ferja i ro midtfjords. På ferjekaia på Isane bles det så kraftig at det var umogleg å leggje til.

– På Stårheim-sida kan vi greie leggje til, men det er ikkje bra å liggje der over lenger tid. Då kan vi få skade på bilbrua, så det er betre å liggje her ute å vente på vêret, sa kapteinen.

På Isane snakka dei med fastbuande som ikkje hadde vore med på liknande vêr tidlegare.

– Vi snakka med nokon der borte som sa dei ikkje hadde opplevd noko liknande tidlegare. Det var det verste vêret dei hadde opplevd nokon sinne, fortel Heggøy.

På Isane er også straumen vekke, noko som skapar problem når ferja skal leggje til kai.

Folk som bur i den vesle bygda seier vinden tek sterkare enn den gjorde under Dagmar og torer seg knapt utomhus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kvitt skum på Nordfjorden første juledag

KVITT SKUM: Det er tydeleg at det bles godt på Nordfjorden i dag.

Foto: Øystein Torheim

– Vi ta omsyn til passasjerane

Driftsvakt i Fjord1, Tonje Natvik, seier i 13.50-tida at det er viktig for dei å ta omsyn til passasjerane når vêret herjar slik det gjer no.

– Vi må ta omsyn til båten, til passasjerane og at dei skal ha det bra, og at det ikkje er fare for unødige hendingar. Til dømes om vinden er så kraftig at den kan ta tak i ferja når ein skal leggje til kai. Då kan det smelle litt, og det vil vi unngå, seier ho.

Ho seier det har vore mykje dårleg vêr dei siste vekene.

– I det siste har det vore ganske ofte at vinden har vore sterk, men elles i året er det ikkje ofte at vi må leggje ferjene til ro på grunn av sterk vind, seier ho.

– Korleis opplever mannskapet på ferjene det når det ikkje er forsvarleg å leggje til kai rundt om?

– Dei seier det går greitt. Det er ingen som er redde eller slikt, men dei må tenkje på passasjerane. Det er ingen fare, men det kan vere veldig ubehageleg for passasjerane, og vi vil unngå unødige situasjonar, seier Natvik.

– Vi får ete skivemat

Solveig Isane er blant straumkundane på Isane som må klare seg utan straum første juledag. Ho har besøk av fleire barna, men i dag kan ho ikkje by på nykokte poteter til middag.

– I dag får vi ete skivemat, eller så kan vi hete opp att ribbene på gassapparatet, seier ho til NRK.no i 12.30-tida onsdag.

Ho seier dei oppdaga at straumen var vekke i dag tidleg, men at dei har greidd seg bra. Takka vere eit straumaggregat hos naboen får dei pumpa inn vatn i huset.

– Vi sit no her i stova og har fyrt i peisen, fortel ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rotvelt på vegen til Torheim i Eid

VELTA TRE: Den sterke vinden har også blåse over ende fleire tre. Dette treet har lagt seg over den lokale vegen til Torheim i Eid kommune.

Foto: Øystein Torheim

Kan bli vekke til i kveld

Driftsingeniør i SFE Nett, Vidar Solvang, seier til NRK.no tidleg onsdag ettermiddag det blir jobba med å rette feilen på Isane. Det skal vere 30 kundar som er utan straum.

– Vi prøver lokalisere feilen, men vi får ikkje gjort noko før vinden løya, seier han.

SFE har tre mann i området, men berre sidan dei kom i dag tidleg har fleire tre ramla over linja. Fleire av stolpane har også brotna rett av i dei kraftigaste vindkasta.

– Vi kan ikkje sende folk opp i linja når det er slik, seier han og understrekar at tryggleiken til mannskapet må kome først.

Det er venta at vinden skal løye litt ut på ettermiddagen, og mannskapet vil då gjere forsøk på å rette feilen.

Forsyner resten med aggregat

SFE har jobba på spreng med feilretting utover ettermiddagen, og klokka 16.45 seier Solvang at vel halvparten av dei 30 kundane på Isane har fått straumen tilbake.

– Men det er for omfattande skader, og for mykje farleg skog som står laust på sida av linja til at vi får retta feilen for dei resterande no i kveld. Her skal vi gå i gang med rydding i morgon torsdag, seier Solvang.

Dei som framleis ikkje har fått att straumen skal likevel bli hjelpte i løpet av kvelden.

– Vi har aggregat på veg, og vil kople opp slik at dei resterande 15 husstandane får straum derifrå i løpet av kvelden.

Feil også på Kinn og Barmøya

Også på øya Kinn i Flora kommune, og på Barmøya i Selje har det kundar utan straum, fortel Solvang.

– På Kinn er det snakk om tre-fire kundar. Ho som ringde varsla oss sa det var galskap å byrje med reparasjonar i det vêret som var, men vi reknar med å reise ut der i ettermiddag når vinden har gitt seg noko, seier Solvang tidleg onsdag ettermiddag.

På Barmøya er det rundt 20–30 kundar som er straumlause første juledag. Også her herjar vêret, men Solvang seier dei har håp om å kome seg ut med ei ferje i ettermiddag for å sjå på feilen.

Klokka 16.30 er begge desse feila retta opp.

(Artikkelen held fram under kartet)

Laster kart, vennligst vent...

VIND: Det er på ferjestrekninga mellom Isane og Stårheim over Nordfjord at ferja MF Davik har problem i den sterke vinden.

Vurderer situasjonen fortløpande

Også på fjellet skapar vinden problem, og det er problem på fleire fjellovergangar. På Vikafjellet bles så ille at riksveg 13 ikkje blir opna att i dag.

På bilferja «MF Davik» håpar mannskapet på tre at vinden skal løye slik at dei får gjort jobben sin utover dagen.

– Det var snakk om at vinden skulle løye, og om vinden dreiar litt blir det bli lettare å leggje til kai på Isane.

– Vi vurderer situasjonen fortløpande i forhold til kor tid det er bra nok til at vi kan gå inn att i rute, seier kaptein Heggøy.

Gjorde forsøk på leggje til kai, men ...

I 16-tida onsdag ettermiddag hadde vinden løya så mykje at ferjemannskapet prøvde seg over fjorden for å leggje til kai på Isane.

Men det gjekk ikkje. Kaptein Roy Cato Edvardsen tok over roret i 14-tida, og seier forsøket på å leggje til kai på sørsida av fjorden var mislukka.

– Vinden ville berre kaste oss vekk, så vi måtte gje oss på det.

I 17-tida ligg dei til kai på Stårheim-sida, og der blir dei liggande til dei ser at forholda betrar seg.

– Det går greitt å ligge til kai her no, men skulle det bli verre vil vi på ny starte opp og reise ut på fjorden, seier han.

Så lenge vinden herjar kan dei ikkje forlate ferja til kai. Den kan risikere skader om den blir liggande til kaia når bølgjene og vinden ruskar som verst.