Hopp til innhold

Trio forlengar kontrakten

Sogndalspelarane Even Hovland, Henrik Furebotn og Per Egil Flo har forlenga kontraktane sine med klubben ut 2012.

Per Egil Flo og Even Hovland
Foto: Nyhetsspiller / NRK

- Sogndal er den rette klubben for oss lokale spelarar å utvikle oss i. Difor signerte eg ny kontrakt no, seier Even Hovland til sogndalfotball.no .

Sportsleg koordinator Håvard Flo seier at desse tre spelarane er viktige for dei.

- Saman skal vi utvikle kvalitetane slik at både klubben og dei tek nye steg. Og viss dette fører dei til andre klubbar , så har begge partar lukkast, seier han.