Hopp til innhold

Molde vil ha Hovland

Sogndalspelar Even Hovland står på ønskjelista til eliteserieklubben Molde.

Even Hovland
Foto: NRK

20 år gamle Hovland er mellom dei største fotballtalenta i landet.

- Han står absolutt på blokka vår, Han er ein solid spelar, seier trenar Kjell Jonevret til nettugåva av Romsdals Budstikke .

Prislappen på Hovland skal vere på rundt tre millionar kroner. Molde i lengre tid fulgt med på midstopparen.

Even Hovland seier at han ikkje er kjent med at klubben er interessert i å kjøpe han ut av kontrakten med Sogndal.

– Eg veit ingenting, men det er jo hyggeleg viss det stemmer. Eg er i full gang igjen etter skadeavbrekk, og vil gjerne ta eit steg for å utvikle meg vidare, seier Hovland til avisa.