Hopp til innhold

Mange på desperat hybeljakt

Fleire dagar etter studiestart, er det framleis fleire titals studentar som står utan tak over hovudet.

Høgskuleopning i Sogndal

MANGE I KØ: Studieåret i Sogndal opna sist måndag. Mange fleire enn vanleg var å finne i Sentrumsparken.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I følgje Studentsamskipnaden (SISOF) er det no om lag 50 studentar som framleis ikkje har stad å bu.

Søv på sofa

– Det er studentar på sovesal og det er studentar som overnattar på sofa hos vener og kjende, seier bustadkonsulent Bjarne Gjermundstad.

I år er det rekordmange nye studentar ved Høgskulen. Til saman i Sogndal og Førde starta over 1030 nye studentar studiane sine måndag denne veka.

NRK kjenner til at flere mellom anna har overnatta på luftmadrass i boden hos vener og kjende!

Vanskeleg

– Hybelsituasjonen i Sogndal er vanskelegare enn på lenge, seier Gjermundstad, som sjelden har opplevd maken til trøkk på bustadmarknaden i Sogndal.

Han seier at det eigentleg er eit desperat behov for at private som har noko dei kan leige ut, tek kontakt og formidlar det til SISOF snarast.