Hopp til innhold

Tre tap på rad for Sogndal

Sogndal fekk ein verst tenkjeleg start på bortekampen mot Sarpsborg 08. Kampen var berre to minutt gammal, då østfoldingane sette ballen i mål. Etter kampslutt var det heller ikkje mykje å feire, Sarpsborg vann 1-0.

Sarpsborg scorer mot Sogndal

MÅL: Sarpsborg scora vinnarmålet etter berre 2. minutt

Foto: Olsen, Linn Cathrin / SCANPIX

Sogndølene hadde så vidt blitt heite i trøya, då den første kalddusjen kom. Jo Nymo Matland sette ballen elegant i mål bak sogndalkeeper Kenneth Udjus, etter berre to minutt.

Venstrebacken feira det andre målet i eliteserien med å danse fugledansen, til stor glede for publikum på Sarpsborg Stadion.

Tippeligaen sitt aller første mål i den tredje serierunden i eliteserien, skapte vill jubel i Østfoldbyen. Sogndølene dei fortvila.

– Det gjekk ikkje vegen i dag, og laget har no fått ein verst tenkjeleg start på sesongen, seier NRK Sogn og Fjordane sin fotballekspert, Jon Navarsete.

Han peikar på at laget manglar ein målscorar, eit mål på tre kampar er rett og slett elending. No ventar ein sjebnekamp mot serieleiar Tromsø 2.påskedag.

Dersom det blir nytt tap på heimebane, fryktar Navarsete at laget er ferdig i eliteserien.

Jamn førsteomgong

Sjølv om kampen starta i sarpingane sin favør, hadde bortelaget frå saftbygda absolutt sine sjansar i første omgong.

Ahyee Ayi Elvis var nær ei utlikning etter 29 minutt, men rett etterpå fekk han gult kort.

Kampen tok seg etterkvart opp med meir fartsfylt spel og gode sjansar til begge lag. Henrik Furubotn var nær ei scoring like før pause, men sogdølene gjekk av bana utan mål.

Andre omgong starta bra

Andre omgong starta bra for Sogndal, og laget kjempa som løvar for å få ei utlikning. Likevel var det Sarpsborg som fekk den første store sjansen etter 59 minutt, då keeper Udjus måtte gje retur på eit svakt skot.

Utover i kampen melde også Eirik Bakke seg på lista over nesten-scoringar, men det ville seg ikkje for sogndølene i dag.

Det vart dermed ei stor helg for Sarpsborg med både ishockey og fotballsiger.

Tredje tap på rad

Då dommaren bles i fløyta, var det skuffa sogndøler som måtte innsjå at slaget var tapt.

Laget måtte søndag kveld sette seg på bussen heim til Sogndal, utan poeng i bagasjen denne gongen heller.

Laget har no tre tap på tre kampar i eliteserien og ligg nederst på tabellen med null poeng. Dette er den verste sesongopninga i eliteserien sidan 1989.

– Vi kan no håpe at «påskemorgen slukker sorgen» og at Sogndal lurer serieleiar Tromsø på heimebane, seier Jon Navarsete.

Han håpar dei unge spelarane i laget får den støtten dei treng til å stå på vidare, for det skal ein sterk rygg til å takle motgong også på fotballbana.

LAGET: Kenneth Udjus, Vegard Gjermundstad, Espen Næss Lund, Gustav Valsvik, Per Egil Flo, Eirik Bakke, Ayee Aye Elvis, Henrik Furebotn, Ole Jørgen Halvorsen, Cato Hansen, Espen Olsen.

Benken: Joe Bendik, Eivind Daniel Røed, Thomas Ness, Isak Scheel, Ørjan Hopen, Ulrik Flo, Barry Kader