Hopp til innhold

Tre parti kjempar om ordførarklubba

Det einaste som er sikkert, er at det blir ordførarskifte i Aurland

Aurlandsvangen
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Aurland har tre parti som meiner dei kjempar om ordførarklubba etter Olav Ellingsen (Sp) ved dette valet, men mest realistisk er det at kampen står mellom dei som har vore dei største ved dei siste vala:

Sp og Ap

Dette er to parti som har tradisjon for å kunne samarbeide om makt, og vil truleg gjere det igjen.

Det betyr at kampen om ordførarklubba står mellom Trygve Skjerdal (Sp) og Erling Nesbø (Ap) – begge nye listetoppar i år.

Bak desse to ligg veteranen Noralv Distad (H) og lurer. Skulle eit samarbeid mellom Sp og Ap skjære seg, er nok reiselivssjef Distad meir enn klar – dersom ha då ikkje mot alle odds skulle bli fylkesordførar.

Venstre og Terje Horvei blir truleg for lette i Aurland.

Dei Grøne

Korkje Frp eller KrF har liste i Aurland. SV har heller ikkje greidd å få til liste sidan 2003, men i år stiller Miljøpartiet dei grøne liste i Aurland – som einaste kommune i fylket.

Det er nok ikkje overraskande at dette partiet får til liste akkurat her med tanke på at kommunen har eit "grønt miljø" knytt til Sogn Jord- og hagebruksskule.

Monica Gjesdal Larsen er førstekandidat, og dersom ho kjem inn i kommunestyret aktar ho å sette på dagsorden og få meir fokus på saker som går på miljø. Eit par stikkord er jordvern og buplikt.

Skule og barnehage

Aurland er kraftkommune, med relativt romsleg økonomi. Men dei kjem likevel ikkje unna strukturdebatt når det gjeld skule og barnehage. Sentera Aurlandsvangen og Flåm ligg ganske nær kvarandre.

Aurland vil ikkje snakke om kommunesamanslåing, men i valkampen diskuterer dei gondolbane frå Turlidfossen til Prest via Stegastein.

Aurland - kommuneval

 

Ap

SV

SP

V

H

1995

34,4

7,0

35,3

8,2

15,0

1999

24,8

9,0

40,9

5,8

19,5

2003

25,4

9,3

32,3

10,5

22,5

2007

28,3

  -

43,6

6,7

21,5