Hopp til innhold

Tre menn dømde i grov overgrepssak

Tre menn er i Hordaland tingrett dømde for overgrep mot ei jente under 16 år.

Ein av mennene, som er i 40-åra, er dømd til fengsel i fem år og ni månader for fleire valdtekter. Overgrepa skal ha skjedd både hausten 2022 og under Pride-helga i Bergen i fjor sommar.

Då var også ein mann i 30-åra med på valdtekta. Han filma også delar av overgrepa, og er dømd til fengsel i eitt år og seks månader.

Vidare er ein tredje mann i 40-åra dømd til 60 dagar i fengsel for seksuell handling mot den same jenta.

Alle mennene er dømde for å ha gjeve jenta alkohol under Pride i fjor. Til saman må dei betale jenta nær 600.000 kroner i erstatning.