Hopp til innhold

Tre bilar i trafikkuhell på Hemsedalsfjellet

Ingen skadde i eit trafikkuhell på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Hemsedalsfjellet

Tre bilar er involverte i uhellet, men det er ikkje meldt om alvorlege personskadar.

– Det var ingen som framstod som alvorleg skada i samband med uhellet. Til saman var det ni personar i dei tre køyretøya, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han opplyser at det er ei møteulykke, og at det er passering for trafikk og manuell dirigering på staden.