Hopp til innhold

Tre av ti får ikkje svar når dei ringer politiet: – Vil påføre dyra mykje liding

Ny rapport viser at 3 av 10 ikkje når fram på tipstelefonen til politiet. – Vi blir oppgitte og frustrerte, seier jeger som ordnar opp ved påkøyrsler.

Påkøyrd hjort ved Kyrkjetangen i Bergen

VILTPÅKØYRSEL: Noregs jeger- og fiskarforbund er frustrert over at folk ikkje får varsla til politiet om påkøyrsel av vilt.

Foto: Erling Johnsen / NRK

02800 er politinummeret du skal ringe om det ikkje er ein nødsituasjon. Nummeret sender deg til næraste politikammer, og du får svar uansett når på døgnet du ringer.

Det er iallfall løftet.

Ein rapport utført av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) viser at tre av ti innringarar ikkje får svar. Rapporten er bestilt av Justis- og beredskapsdepartementet.

Blant dei som rapporterer at dei ikkje får svar er folk som har kome i skade for å køyre på hjort og andre viltdyr.

Regelen ved påkøyrsel av dyr er at sjåføren ringer politiet på 02800, som i sin tur varslar viltnemnda i den aktuelle kommunen. Viltnemnda rykker så ut for å uskadeleggjere dyret, om det er naudsynt.

– Vi blir oppgitte og frustrerte

Ann-Kristin Gaare er leiar i ettersøksutvalet i Noregs Jegar- og fiskarforbund i Sogn og Fjordane.

– Vi blir oppgitte og frustrerte når vi høyrer om folk som ikkje når gjennom, seier ho.

Konsekvensen kan vere «ein langsame og pinefull død» for de påkøyrde dyra, seier ho.

– At folk ikkje kjem gjennom vil påføre dyret mykje liding.

Ho trur eit enkelt grep kunne hjelpt:

– For eksempel at innringaren trykker 1 for viltpåkøyrsler og når direkte gjennom.

Rapporten frå DFØ tilrår at det må bli lettare å etablere kontakt med politiet, og at politidistrikta må samarbeida betre på tvers av grensene.

Elles seier rapporten at publikum gjennomgåande får betre tenester når det hender noko alvorleg, og at samarbeidet med dei andre naudetatane fungerer godt.

Ann-Kristin Gaarde i Sverige på jakt

NY LØYSING: Leiar i ettersøkingsutvalet i Noregs Jeger- og fiskarforbund i Sogn og Fjordane ønskjer ei betre løysing på tipstelefonen til politiet.

Foto: Privat

– Kapasiteten på telefonane må aukast

1.-kandidat i Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Erling Sande meiner rapporten tyder at kapasiteten til dei som betener telefonane må aukast.

– Vi vil utfordre justisministeren på kva ho skal gjere for å få det til å fungere, seier han.

I eit større bilete tolkar han «telefon-saka» som symbol på ein politireform som ikkje har lukkast med å minke avstanden mellom politi og innbyggarar.

Politireforma trådde i kraft 1. januar 2016. Målet er å effektivisere politistyrken og å stille krav til responstid.

Tilhengarar av reforma har omtala han som «nærpolitireforma», medan motstandarar har kalle han «fjernpolitireforma».

– Vi kritiserer dei områda der politireforma har feila. Det er ein grunn til ingen lenger kallar han «nærpolitireforma», seier Sande.

Erling Sande

KRITISK: Erling Sande (Sp) meiner rapporten viser korleis politireforma har mislukkast.

Foto: Torunn Flatjord / Senterpartiet

– Ikkje alt som er reforma si feil

Justisminister Monica Mæland (H) meiner det er «meiningslaust» av Sande å skulde på politireforma i denne samanhengen.

– Det er ikkje slikt at alt som ikkje er perfekt i politiet er reforma si feil, sjølv om Sp liker å gjenta det. Reforma har gitt betre kvalitet og politiet leverer totalt sett betre tenester no enn før reforma, seier ho.

Tal frå 2020 viser at over 98 prosent av alle telefonar til 112 blei svara på i løpet av 20 sekund.

Mæland legg til at politiet har betra publikumskontakten på nye plattformer.

– Eit godt tilbod for dei som ønskjer kontakt med politiet er nettpatruljen, og det arbeidast aktivt med å vidareutvikle andre digitale løysingar.

Monica Mæland

Justisminister Monica Mæland, meiner at politireforma overordna har vist ein positiv utvikling

Foto: H. Philip Hofgaard / NRK

Vil lytte til jegerane

Assisterande politidirektør Håkon Skulstad seier dei har sett i verk tiltak for å kome i kontakt med borgarane på ein effektiv måte.

– Vi ynskjer nå å lytte til tilbakemeldingane frå bland anna jegerane, for å auke nærværet.

Han legg til:

– Reforma tar oss i riktig retning, og mykje har blitt betre.

Håkon Skulstad

VIL LYTTE: Assisterande politidirektør Håkon Skulstad ynskjer å lytte til tilbakemeldingane som kjem frå borgarane.

Foto: Heidi Klokk / NRK

LES OGSÅ: Kva er konsekvensane av politireforma?