Hopp til innhold

Tre av fire finalelag kom frå Sunnfjord

Sunnfjord gjer seg definitivt gjeldande når det gjeld volleyball. I helgas skule-NM i Stavanger kom både Hafstad vgs. og Sunnfjord Folkehøgskule til finalen.

Hafstad sine to volleyballag i NM

HAFSTADGJENGEN: Samtlege 21 spelarar på Hafstad spelar til vanleg for Førde volleyballklubb. Bak frå venstre: Trenar Torbjørn Selstad Thue, Petter Thue, Julie Tvinde, Tarjei Solheim Ødegaard, Sindre Hornnes, Karoline Fauske, Guro Stavø Storkås, Eli Vindedal Langlo, Markus Andresen, Sondre Grotle, Linnea Skrede Hervik og trenar Jan Egil Tvinde. Elisabeth Viken (m.f.v.), Elise Thue, Hanne Rygg, Fredrik Sollid, Ida Ersvåg, Andrea Kvamme Berge, Malene Hetle Hole og Vegard Hoff. Camilla Bauge (f.f.v.), Bjørn Andre Nore og Kjetil Viken.

Foto: Elisabeth Viken

Med Hafstad og Sunnfjord Folkehøgskule i gutefinalen og Hafstad i jentefinalen, var sunnfjordingane sikra i alle fall ein NM-tittel.

Den gjekk for tredje gang til gutane på Solvang.

– Vi tok bronse i fjor, så i år hadde vi berre ein målsetnad: å ta gull, seier ein godt nøgd trenar Todd Johnson.

Jamn finale

Finalen mot Hafstad vart ein tøff batalje. Laga kjenner kvarandre godt gjennom mange treningskampar i løpet av året.

Til slutt stod det 2-0 (27-25 og 25-21) til gutane frå folkehøgskulen.

Sunnfjord Folkehøgskule

GULL: Oskar Raftevold (b.f.v.), Georg Lipai, Kim Holmen, Bjarne Bergheim, Peder Sørheim, Lars Martin Dalen, Trygve Aglen, Todd Johnson (trenar). Vitor Pina (f.f.v.), Henrik Følstad, Andreas Svanes, Jarle Sjursen.

Foto: Sunnfjord Folkehøgskule

– Hafstad var smarte i angrepsspelet og vi hadde ikkje godt nok servepress i første sett. Etter det jamne førstesettet fungerte det betre i blokk og vi fekk meir servepress. Men for all del, Hafstad spelte ein god kamp, seier Johnson.

Frå gull til sølv

Det seier Jan Egil Tvinde seg samd i. Saman med Torbjørn Selstad Thue utgjer han trenarduoen til Hafstad. I fjor vann gutelaget finalen.

– Vi burde tatt første settet på 25-24, men gjorde nokre dårlege val. Alt i alt tykte eg vi klarte oss veldig bra. Vi møtte to-tre år eldre spelarar. Sunnfjord hadde eit veldig godt lag, og var fysisk større samanlikna med våre spelarar, seier Tvinde og legg til:

– Uansett er vi beste vidaregåande skule.

Tredje tapet på rad

Jule Tvinde og Andrea Kvamme Berge

BEST: Julie Tvinde og Andrea Kvamme Berge fekk kvar sin bestemannspremie. – Det var kjekt for oss. Julie var god gjennom heile turneringa og Andrea var beste leggar, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Foto: Elisabeth Viken

På jentesida hamna Sunnfjord folkehøgskule på 9. plass. Derimot gjekk Hafstad også her til finalen. For tredje året på rad venta Sortland. Og for tredje året på rad gjekk NM-tittelen til Nordland.

Kampen enda 2-0 (27-25, 25-17)

– Den finalen burde jentene vunne, men vi vart litt stressa. Kanskje meir redde for å tape, enn lysten på å vinne. Vi presterte ikkje opp mot vårt beste, seier Tvinde.

Tok kåringane

At to av tre bestemannspremiar gjekk til Førde var likevel ei stor trøyst. Julie Tvinde vart kåra til beste angripar, medan Andrea Kvamme Berge vart beste oppleggar.

På gutesida vart Oskar Raftevold kåra til både turneringas mest verdifulle spelar og beste angripar. Raftevold spelar til vanleg for eliteserielaget til Kristiansund.

Georg Lipai vart i tillegg kåra til beste oppleggar.