Hopp til innhold

Har trappa ned, men har det travlare enn nokon gong

Odd-Bjørn Hjelmeset har trappa ned som skiløpar, men han har så mykje å gjere at han sjølv synest det blir i meste laget.

Odd-Bjørn Hjelmeset i italiensk turrenn

ITALIENSK TURRENN: Odd-Bjørn Hjelmeset med startnummer 1.

Foto: NewsPower.it.

Glopparen som har passert 41 år sleng med i eitt og anna renn framleis. Sist helg vart han nummer 10 i eit turrenn i Italia.

– Eg vann det rennet i 1999, og difor vart eg invitert ned, og sidan det passa for meg tok eg turen og kosa meg i Italia.

Det enda med ein 10. plass, vel tre minutt bak vinnaren, og det er Hjelmeset berre sånn passe nøgd med.

– Eg hadde ikkje akkurat 100 prosent gode ski, slik blir det når eg må smøre sjølv. Men eg hadde ein fin tur.

(Artikkelen held fram under biletet)

Odd-Bjørn Hjelmeset i Holmenkollen

KOLLEN ENDÅ EIN GONG? Odd-Bjørn Hjelmeset håpar å kunne stille med startnummer på femmila i Holmenkollen i år og.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Har tenkt å gå femmila i Kollen

Han har tenkt å stille i nokre renn utover seinvinteren, iallfall Birkebeineren

– Og dersom eg får sjansen så er eg vel såpass i støtet at eg har tenkt å gå femmila i Holmenkollen. Men det veit eg ikkje heilt sikkert enno, så det får vi sjå.

Men det er ikkje renn og trening som fyller det meste av tida til Odd-Bjørn Hjelmeset. Han har hendene fulle med andre gjeremål.

– Eg har jobben som sponsorsjef i Terra-gruppen, der sponsar vi m.a. Norges Skiforbund, Birkebeineren og Skarverennet. Elles driv eg mykje med føredrag, eg jobbar for TV2, og til sommaren har eg eit par skiskular med 150 påmelde til begge vekene eg skal ha.

– Det blir eit par flyreiser i veka, i tillegg til mange timar i bil, og eg prøver å få trent litt og. Så familien ser lite til meg, men det er dei vande med. Men eg håpar å få meir tid til dei etter kvart.

Odd-Bjørn Hjelmesets barneskirenn

Og ungane hans ser ut til å ha arva interessa for ski.

– Denne helga var dei på besøk hjå besta og besten, og då var dei med og gjekk Ullsrennet, dei kosar seg på ski dei og. Og den 24. mars kjem heile familien til Gloppen, til Odd-Bjørn Hjelmeset sitt barneskirenn på Kleivane.

– Då kan folk kome og gå skirenn, det er som alltid mange flotte premiar og mykje hygge.