Hopp til innhold

Langrennsklubb med suksess blir lagd ned

Etter denne sesongen er Fjellhug/Vereide-Hyen Skiklubb historie.

Odd-Bjørn Hjelmeset i Holmenkollen

HISTORIE: Når Odd-Bjørn Hjelmeset gir seg som toppløpar er det og slutt for klubben.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Klubben vart starta i 2001 som ein overbyggingsklubb for å få etablert eit slagkraftig stafettlag frå Gloppen. Brørne Roar og Odd-Bjørn Hjelmeset gjekk då for Fjellhug/Vereide, og Roger Aa Djupvik representerte Hyen IL.

Roger Aa Djupvik

VIKTIG BRIKKE: Roger Aa Djupvik.

Foto: Rune Fossum / NRK

Femteplass i stafett-NM

Men etter ti suksessrike år går Fjellhug/Vereide-Hyen Skiklubb over i historia. Det er sjeldan at ein klubb med så kort levetid kan vise til så mange gode plasseringar.

For klubben har vist igjen i norsk og internasjonalt langrenn. Med Odd-Bjørn Hjelmeset på første etappe var laget i tetstriden i NM-stafettane, og det vart fleire gode plasseringar.

Beste plasseringa var femteplass i 2008, då junioren Trygve Henden Gaasø gjekk sisteetappen etter at Odd-Bjørn Hjelmeset og Roger Aa Djupvik hadde gitt han eit godt utgangspunkt.

Trygve Henden Gaasø

FEKK SMAKE PÅ SUKSESS: Trygve Henden Gaasø.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

VM-gull og OL-bronse

Og individuelt har det blitt mange medaljar på klubben. Odd-Bjørn Hjelmeset kan vise til VM-gull på femmila i 2007 og bronse på femmila i OL i 2002. Dei fleste av dei ni NM-titlane sine tok han med Fjellhug/Vereide-Hyen Skilag bak namnet.

LES OGSÅ: No skal Hjelmeset jobbe fram sponsoravtalar for andre

Men no er det slutt fordi det rett og slett er mangel på løparar, konstaterer leiaren i laget, Jonfinn Aske.

Formelt nedlagt til våren

– I og med at Roger har meldt overgang til Lillehammer, Odd-Bjørn sin karriere er på hell og Trygve har slite med overtrening og ikkje er i den forma han ynskjer å vere så er det ikkje grunnlag lenger. Vi er blitt samde om å avvikle klubben.

– Trur du det kan oppstå liknande konstellasjonar seinare dersom høvet byr seg?

– Akurat no ser det ikkje slik ut, men ein skal aldri seie aldri.

Formelt sett blir ikkje Fjellhug/Vereide-Hyen Skiklubb avvikla før til våren, etter at sisesongen er over.

– Då skal vi ha eit styremøte og protokollføre at klubben er historie.

LES OGSÅ: Djupvik med femteplass i NM