Hopp til innhold

Transmedica gjev opp Florø

Det danske selskapet Transmedica gjev opp satsinga på fedmeoperasjonar i Florø. Det seier konserndirektør Karsten Svendsen.

Florø Sjukehus
Foto: Ottar Starheim / NRK

Transmedica ville nytte sjukehuset til å bygge eit kompetansesenter for fedmekirurgi, og ta unna heile 500 slike operasjonar i året.

Men lokalpolitikarane som skulle jobbe for tilbodet lokalt, har ikkje lete høyre frå seg, seier Svendsen.

- Det har openbart ikkje lukkast for politikarane å overta sjukehuset, slik at vi kan etablere oss.

Har ikkje høyrd noko på eit halvt år

Det vert ingenting av det planlagde nasjonale senteret for overvektige i Florø. Danske Transmedica som ønskte å satse stort på fedmekirurgi har gjeve opp prosjektet.

Bedrifta ønskte satse i Florø då diskusjonen kring nedlegginga av sjukehuset i Florø vart debattert. I februar i fjor var ein delegasjon frå Transmedica på vitjing i Florø.

Konserndirektør Karsten Svendsen i Transmedica har ikkje høyrt noko frå politikarane i Florø på eit halvt år.

Selskapet sit på mykje kompetanse når det gjeld operasjonar av overvektige, og Svendsen viser til at det er lange ventelister i Norge for denne pasientgruppa. Tanken var at dei skulle inn i lokala til sjukehuset, og ta unna 500 operasjonar i året.

Satsar andre stadar i Norge

Ordførar Bente Frøyen Steindal seier det er den uavklarte situasjonen med sjukehuseigedomen i Florø som er problemet.

- Det er synd at vi ikkje klarte å få til noko med dei, men vi må jobbe med å få andre ting inn i bygget.

Berit Seljeseth Osa

Berit Seljeseth Osa

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Også Berit Seljeset Osa frå Høgre meiner det er sjukehustomta som fører til at Transmedica trekkjer seg.

- Då eg tok kontakt med Transmedica for eit halvt år sidan, hadde eg eit håp om at vi kunne klare å få til eit samarbeid og aktivitet. Når dei no har bestemt seg for ein annan plass i Norge, har eg full forståing for det. Fordi avklaringa rundt bygningane her har halt veldig langt ut i tid.

No satsar Svendsen heller andre stader i Norge.