Traktor miste behaldar

Ein traktor miste ein behaldar i rundkøyringa på E39 på Skei tysdag føremiddag. Behaldaren stod usikra bak på hengaren, og i det traktoren svinga i retning Sogndal fall behaldaren av hengaren. Ingen bilar eller personar vart trefte eller skadde, opplyser NRK sin reporter som var vitne til uhellet.

Miste behaldar på Skei.
Foto: Thomas Brakstad / NRK