Hopp til innhold

Mann til sjukehus etter trailervelt i Lærdal - E16 er stengd

Ein mann er sendt til Førde sentralsjukehus etter at ein utanlandsk semitrailer velta ved Ljøsne i Lærdal.

Føraren av ein semitrailer vart sendt til sjukehus etter trailervelten i Lærdal.

SJÅ VIDEO: Føraren måtte bergast ut av semitraileren etter ulukka ved Ljøsne. (FOTO: TONE MERETE LILLESVANGSTU)

SISTE: Vegen er open i eitt køyrefelt.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 1037.

Ulukke på Ljøsne

LJØSNE: Ein semitrailer skal ha kvelva på E16 ved Ljøsne i Lærdal.

Foto: NRK tipsar

Føraren sat ei stund fast i hytta, men var i 11-tida berga ut. Han vart teken hand om av helsepersonell på staden og er no sendt til sjukehus i Førde. Det er uvisst kor skadd føraren er.

– Semitraileren ligg med hjula opp. Den sperrar heile vegen, opplyser ei kjelde til NRK.

Vogntog velta ved Ljøsne

VELTA: Det er venta at eine køyrefeltet blir opna for trafikk.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Tydelege hjulspor

Årsaka til ulukka er førebels ukjend, men politiet på staden opplyser at føraren, som var på veg vestover, har mista kontroll på vogntoget kring 200 meter før skadestaden. Det skal ikkje vere glatt på staden.

Trailervelt i Lærdale

BREMSESPOR: Tydelege bremsespor viser at semitraileren har gått frå side til side før den kvelva.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu

– Det er tydelege hjulspor i vegen som viser at semitraileren har gått frå side til side før tralla truleg har vridd seg og semitraileren velta, seier NRK sin reporter på staden.

– Containeren på tralla har losna. Hadde det kome bil i mot, så hadde dette blitt stygt, legg reporteren til.

Lange køar

Trailervelt på E16 ved Ljøsne

SPERRAR VEGEN: Eit utanlandsk vogntog på veg austover velta og sperra E16 i Lærdal.

Foto: NRK-tipsar

Statens vegvesen opplyser at vegen er heilt stengd. Det blir meldt om lange køar på begge sider av ulukka. Oppryddingsarbeidet er venta å ta timar, men etter det NRK kjenner til vil ein prøve å flytte tralla slik at eine køyrefeltet blir opna.

Trailervelt i Lærdal

SPERRA: Trailervelten sperra E16 ved Ljøsne.

Foto: NRK-tipsar

Statens vegvesen oppmodar bilistar mellom Austlandet og Vestlandet om å køyre Hardangervidda eller Hol-Aurland akkurat no. Kortaste omkøyring er via Årdal frå Tyin eller Lærdal.

Ljøsne