Hopp til innhold

Trafikkulukke ved Østerbø

Tre personar var involvert ei trafikkulukke like aust for Østerbø i Aurland. To av dei skal vere lettare skadde.

Trafikkulukke ved Østerbø

ULUKKE: Det var tre personar i bilen som køyrde utfor vegen like aust for Østerbø på Fv. 50.

Foto: Arne Veum

Frå politiet får vi opplyst at ein bil har køyrd av vegen. Ein av dei, ein mann på 60 og ei kvinne på 59 skal vere lettare skada opplyser Haukeland sjukehus på sine nettsider.

Ulukka skjedde i 14.30-tida like aust for Østerbø på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland.

Femåring i bilen

Trafikkulukke ved Østerbø

LUFTAMBULANSE: Ein mann i 60-åra er sendt til Haukeland med luftambulanse.

Foto: Arne Veum

Det var tre personar i bilen, to vaksne og ein fem år gammal gut. Det er dei to vaksne som skal ha fått mest skader. Mannen i 60-åra skal vere sendt til Haukeland med luftambulanse, medan dei to andre fekk behandling på staden, opplyser politiet.

Køyrt i fjellveggen

Årsaka til hendinga er førebels ikkje kjend, men det skal ikkje ha vore glatt på vegbana, fortel befal i brannvesenet, Reinhard Sørensen.

Bilen var på veg vestover då ulukka skjedde. Vegen var stengd ei periode medan redningsbilen fekk rydda vegbana, men den er no open for fri ferdsel igjen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.