Hopp til innhold

Tre til legevakt etter trafikkulukke på Bømlo

To bilar er involverte i ei front mot front-ulukke i Indre Røyksund på Bømlo, Sør-vest politidistrikt melder at dei tre personane i bilane skal vere vakne og ute av bilane, og blir tilsett av helsepersonell. Ein har klaga over smerter i ein fot, dei to andre framstår uskadd. Alle blir køyrd til akuttmottaket på Stord for ein sjekk. Eitt køyrefelt er sperra, og politiet dirigerer på staden.