Hopp til innhold

Trafikkuhell på E39 sør for Førde

Ein utanlandsk bil har køyrt av vegen ved Bekkjavatnet i Førde, opplyser politiet.

Trafikkuhell Førde

FULL UTRYKKING: Alle naudetatane rykte i ettermiddag ut til eit trafikkuhell like sør for Førde. Ein bil køyrde av vegen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

I følgje politiet vart ingen av dei to personane i bilen skadde i uhellet.

Bekkjavatnet ligg nokre kilometer sør for Førde. Det skjedde på E39, som er ein tungt trafikkert veg, spesielt på helgedagar.

Klokka 18.30 opplyser politiet at trafikken på staden går som normalt

I timane etter ulukka dirigerte politiet trafikken.

– Staden det skjedde på er litt uheldig, så det er litt kaos i trafikken no, sa operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Nils Erik Eggen, til NRK tidlegare fredag ettermiddag.

Politiet sende ut fleire patruljar.

– Det gjer vi for å sikre staden, og for å hindre at fleire uhell skjer, sa Eggen.

Trafikkulukke
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK