Hopp til innhold

Meiner skuledebatten syner fylket på sitt verste

Atle Hamar (V) meiner fylkespolitikarane legg for lite til rette for ungdom som siktar mot tung, høgare utdanning.

Atle Hamar

SKEPTISK: Venstrepolitikar Atle Hamar meiner politikarane diskuterer utdanning, men at det handlar om bygg, arbeidsplassar og lokalisering og at dei ikkje klarar å ta val.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Sogn og Fjordane er fylket der bygga blir viktigare enn utdanninga, og der ein ikkje evnar å ta val, seier Venstrepolitikar og leiar i Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane, Atle Hamar til avisa Firda.

Han er fint lite imponert over at politikarane tysdag signaliserte semje om å la vere å kutte dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger, og i staden barbere vekk litt her og litt der, i håp om å nå innsparingsmålet på 70 millionar kroner.

– Største problemet er organiseringa av det studiespesialiserande tilbodet. ange høgare studieretningar krev ikkje berre bra karaktersnitt, men også at du har nok fag og rette fag, seier Hamar til avisa.

Stiller spørsmål ved innhaldet

Han har stilt til dømes ein Nordfjord-politikar dette spørsmålet:

– Har Nordfjord no organisert seg slik at ungdom som tek studiespesialiserande der, vil vere ferdig rigga til å til dømes studere industriell økonomi og leiing ved NTNU i Trondheim? Det trudde ikkje den nordfjordpolitikaren, seier Hamar.

Han seier vidare til avisa at Sogn og Fjordane treng ingeniørar, men at det eigentleg bere er dei vidaregåande skulane Hafstad og Sogndal som er store nok til å tilby brukbar breidde av fagkombinasjonar.

Meiner løysinga er fornuftig

Noralv Distad som er gruppeleiar i høgre, seier til Firda at løysinga politikarane ser ut til å lande på, er både fornuftig og forsvarleg.

Noralv Distad

MÅ KUNNE ENDRAST: Noralv Distad (H) meiner skuelstrukturen ikkje kan frysast framover, men må kunne endrast i takt med elevønskje og behovet til næringslivet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han rosar Hamar for å vere oppteken av kvalitet, men meiner jølstringen ikkje treng å vere uroa.

– Det kan også tenkjast løysingar som at elevar startar vidaregåande-løpet ved ein skule, og seinare flyttar til ein annan, seier Distad, som trur Hamar undervurderer kor viktig det er for ein del elevar å sleppe å flytte tidleg på hybel.