Hopp til innhold

Toppscoraren på benken

Får ikkje vere med i den viktige kampen mot Tornado Måløy på stryn stadion.

Christian Holke

Toppscoraren i 3.divisjon Christian Holko kan ikkje bidra med mål i dag. Han må ta til takke med eit par krykker.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

- Det er bittert at eg vart skada no, seier Chritian Holko frå Stryn.

Han humpar rundt på krykker på Stryn stadion laurdag utan å kunne drible ein einaste ball.

Holko er den desiderte toppscoraren i 3. divisjon med 32 mål på samvitet.

I dag spelar klubben hans Stryn, som ligg på andreplass på tabellen, mot serieleiar Tornado Måløy. Ein viktig kamp for begge laga som Holko altså ikkje får delta i, anna enn frå sidelinja.

- Det kan vere ein leddbandsskade eg har, seier han.

Om det er det vil han vere ute resten av sesongen.