Hopp til innhold

Toppar tabellen med ny siger

Førde volleyballklubb sitt damelag slo TIF Viking 3–0 på bortebane i ettermiddag. Førde-jentene fekk ein overbevisande start med å vinne første sett 25-13, medan det vart tettare i dei to siste setta som enda 25–22 og 25–18 i favør Førde. Førde toppar dermed toppligaen for kvinner med 31 poeng, som er det same som ToppVolley Norge.

Førde volleyballklubb sitt damelag jublar
Foto: Oddleif Løset / NRK