Hopp til innhold

Tok tredjeplass i VM i Tyskland

Ho er Tone Damli sin faste sminkør for kjendisar som Tone Damli og Jenny Skavlan. I helga tok Anne-Grethe Starheim frå Eid tredjeplassen i Make Up-VM i Tyskland.

Anne-Grethe Starheim

PROFESJONELL SMINKØR: Anne-Grethe Starheim har gjort karriere av sminken. I helga tok ho sin andre tredjeplass i VM.

Foto: privat

– Det gjekk veldig bra. Eg forsvarte tredjeplassen min frå i fjor. Så eg er veldig fornøgd, seier 32-åringen på telefon frå flyplassen i Düsseldorf.

Fekk 30 minutt

Det var laurdag kveld at VM gjekk av stabelen i samband med den årvisse skjønnheitsmessa i Düsseldorf. Her møtest nasjonale vinnarar frå heile verda. Starheim vart Norgesmeister under NM i Oslo i starten av februar.

Slik sminka Anne-Grethe Starheim modellen sin

FRÅ NM: Slik såg modellen ut etter Anne-Grethe Starheim si handtering i NM tidlegare i vinter.

Foto: Anne-Grethe Starheim

– Ein konkurrerer om å gjere ein viss type sminke på 30 minutt. Temaet var «Summer in the city». Vi fekk ei slags oppskrift på kva dei forventa. Så galdt det å gjere det mest mogleg rett, fortel sminkøren som lever av å style opp kjende og mindre kjende i hovudstadens Jet-set-liv.

Gir nye kundar

Dommarane vurderte Starheim sitt arbeid vurdert ut frå teknikk, fargeval, og korleis ho handterte modellen opp mot sminketema.

– Eg fekk 163 av 200 moglege poeng. Det er jo ganske bra. Eg fekk positiv tilbakemelding. Så jo ganske kjekt.

Premien var 500 euro, ein stor pokal og ein del sminke.

Men sjølv om deltakinga i VM først og fremst er spenning og konkurranse, i tillegg til nye tips og råd, legg ikkje Starheim skjul på at det også kan gi nye kundar.

– Det genererer alltid nye jobbar. Så det er berre positivt, seier nordfjordingen som for kort tid sidan hadde ansvaret for Tone Damli sin utsjånad då sogndølen deltok i svenskane sitt svar på MGP, Melodifestivalen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Anne-Grethe Starheim og Tone Damli Aaberge

FAST KUNDE: Anne-Grethe Starheim (t.v.) og Tone Damli Aaberge.

Foto: Privat

Hemsedal neste - så Eid

Over helga ventar den norske kvardagen på stylisten.

– Eg skal til Hemsedal på fotoshoot tysdag. Det er kanskje ikkje like eksotisk som Düsseldorf, men det blir fint det også. Elles er det jo snart påske. Då gler eg meg til å få slappe av litt heime på Starheim i Eid.

Og neste år er nok Anne Grethe Starheim igjen å finne på deltakarlista til VM.

– Alle gode ting er vel tre, så då må eg vel prøve meg ein gong til, ler 32-åringen.