Det kan virke som ein håplaus jobb, men i ruinane er Svein Olav Solberg (E-trygg), Jan Bjarte Skrøppa (Førde og Naustdal lensmannskontor), Atle Erling Grøneng (E-trygg) og Bjørn Berge (Førde brannkorps) i full gang med å leite etter svar.
Svar på kvifor huset til ei kvinne i 60-åra byrja å brenne i morgontimane onsdag. Kvinna omkom i brannen.
– Her er mykje nedfall frå etasjen over, og taket. Alt er kollapsa, så det er mykje gravearbeid før ein får gjort undersøkinga, fortel Skrøppa.
Avheng av vitne
Av omsyn til eigen tryggleik, og varmen i ruinane, starta ikkje brannutredningsgruppa arbeidet før i dag. Dette er ei permanent gruppe som består av folk frå politiet, brannvesenet og E-trygg, som er Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi sitt selskap for el-tryggleik.
Dei samlar seg i etterkant av brannar i fylket, og jobbar saman på branntomta.
Då branntomta vart frigjort torsdag ettermiddag, vart det søkt etter kvinna som då var sakna. Ho vart seinare funnen omkomen. No ynskjer alle svar på kvifor brannen starta.
– Det kan sjå umogleg ut, og då avheng vi av taktisk informasjon. Det vere seg vitne som har sett brannen på eit tidleg tidspunkt. Det kan hjelpe oss vidare, seier Skrøppa.
Har ein indikasjon
– Vi har vitneavhøyr som har sagt litt om kvar det brann tidleg i huset, og kvar det ikkje brann. Det som er av interesse for oss er kvar det brann tidleg, legg Skrøppa til.
Vitne har gitt politiet indikasjon på kvar det brann tidleg, men Skrøppa presiserer at det likevel ikkje betyr at dei veit hundre prosent sikkert kvar brannen starta.
– Vi har fokus på gjenstandar som kan seie kva som starta brannen, og har auge med oss for kva som kan vere aktuelt. Dei som representerer elektro, har fullt fokus på leidningar og diverse elektrisk utstyr, fortel Skrøppa.
Kan ta lang tid å få svar
Undersøkingar av så utbrende ruinar er krevjande. Og interessante gjenstandar skal analyserast. Difor kan det ta tid før ein får svar. Om ein får svar.
– Det kan ta fleire dagar å gjennomføre undersøkinga. I verste fall må vi grave ut heile huset, seier Skrøppa.
– Har de noko tankar om de greier å finne ei truleg årsak?
– Det er altfor tidleg å seie. Vi må komme oss nedover i branntomta. Vi må få vekk ein del nedfall, før vi eventuelt kan seie noko om kva som kan vere brannårsaka og eventuelt ha noko håp om å oppklare saka.